fredag, mars 30, 2007

Natturnering og bading i Mjøsa

Så var turnéen over, og eg vil kalla den ganske vellukka. På Jeløya fhs var gjorde me det særdeles bra musikalsk, og rektoren sa me låg på eit nivå mellom amatør og proff. Det var kjekt, men showet tok ikkje heilt av. På Romerike fhs gjorde det derimot det. Publikumet var vanvittig bra, og det fekk oss til å showa mykje meir. Synginga vart det så som så med (trur me aldri har sunge dei songane så falskt), men det gjorde ingenting så lenge publikum hadde det morosamt. Trur dei vart nøgde :-D

På Jeløya fekk me besøk av tre gutar som insisterte på å overnatta på jenterommet (me sov på madrasser i biblioteket), og det fekk dei no lov til. Dei var hyggelege karar, og eg fann ut at eg hadde felles bekjentskapar med ein av dei. Eg traff også ein annan vossing (Evanger) som var stipendat (?) der no.
-
På Romerike besøkte eg Stine, fekk sjå rommet hennar, åt middag, såg på når dei øvde til Hamlet, og prata. Veldig koseleg, dei har det fint der, men det var veldig uvant å ikkje syngja bordvers før og etter maten...;)
Onsdags kveld vart det arrangert natturneringar i fotball, bordtennis og biljard. Eg og Ingunn meldte oss på fotball i siste liten og fekk til slutt med oss Phumi. Hehe, me var det einaste laget, av seks, med to jenter, men me klarte oss bra; spelte ein uavgjort og tapte resten, men aldri med meir enn to mål. Og så scora eg i ein kamp og Phumi i ein annan, så me fekk faktisk to mål! Etterpå var me så varme at det freista veldig med eit bad i Mjøsa. Eg fekk med meg Kristine, Marianne og Ingunn, og ti over halv eitt om natta hoppa me uti. Det var kaldt. Eg mista 80% av all kjensle i beina, og opptiningsprosessen etterpå var smertefull, men du så godt var å legga seg nydusja og varm i senga etterpå! :-)
-

Elles er me i full gang med musikalen (Annie), og hadde full gjennomkøyring i går. Den blir bra! Og ALLE MÅ KOMA OG SJÅ ANNIE; PREMIERE 15. APRIL PÅ VIKEN FHS GJØVIK KL: 14.00 :-D Hihiii!
-
Ja, her er juleglede, se det Herbie!
Selv juletre er snart på vei.
Og som moderne julestjerne
vil vi gjerne bruke deeeeeg!
-
Gå og heng deg Herb!
-
GOD PÅSKE!

1 Comments:

At 4:36 p.m., Blogger Ingebjørg said...

Yo yo på deg! Kjem du heim til påske eller? By the way, du er tatt....:) Sjekk bloggen min for å finna ut ka du skal gjera...:D

 

Legg inn en kommentar

<< Home