søndag, juni 07, 2009

UC Men's Octet

Dei som er vener med meg på facebook må no ha fått med seg ei viss interesse frå mi side når det gjeld UC Men's Octet. For å seia det kort er dei mine store vokalgruppeidol og har mange fantastiske videoar ute på youtube. For den lange versjonen sjekk ut notatet mitt på facebook :)

Eg vil oppfordra alle til å sjekka dei ut (og notatet mitt). Her er ein liten smakebit, ein av dei fyrste eg såg, og som absolutt fekk meg på kroken :)


http://www.youtube.com/watch?v=UyqpjkCwEI4

Klar for Sommar 09



Juni er godt i gang, eksamen er ferdig, har hatt ørten avslutningar og pakka og vaska ut i Kr.sand, og eg har no vore ei veka heima i Holbygda. Var så heldig å få sitja på med tante Maria og Lars oppover frå Kr.sand, sidan dei også skulle i konfirmasjon til Espen.

Vårhalvåret 09 har vore eit spesielt år.. Noko bra og noko dårleg..
*Fått trent ein del, men påsken øydela jo alt det.
*Hadde ei fantastisk oppleving med forretningsplanen, men vart ikkje så happy ending med den heller.
*Hadde ein veldig fin tur til Bournemouth og Kari. Men gjekk glipp av Constitutionen og marknadsføringseksamenen eg skulle ta opp att..
*Hatt besøk av både Victoria og Frøydis, og møtte Katrine på toget.
*Blitt kroneklukke i Lady Klukk.
*Fått lest eksepsjonelt lite fag. Dumme timeplan utan forelesingar gjer ikkje akkurat underverk for sjølvdisplinen. Dette vil vel gjenspegla seg i eksamensresultata.
*Har diverre vore ein lite inspirerande medbuar, men har hatt veldig fine medbuarar.
*Tragisk at Astrid flyttar ut no, men får inn Janne, og får no tru det vert kjekt.
*Noreg vant Grand Prix.

Er det meir? Garantert, men det får eventuelt koma seinare. Fokus framover heretter, mot eit nytt og betre liv, nok ein gong..

fredag, oktober 31, 2008

Hvilket liv

Hm, eg bestemte meg plutseleg at eg ville skriva her i dag, så ombestemte eg meg, men eg trur eg vil skribla ned litt like vel.


Det er over eit år sidan sist. Kva skjedde? Det vil absolutt ikkje vera borti veggane å skulda på livet som student. Økonomi er eit hardt studie som krev mykje arbeid; meir enn eg ofte legg i det må eg innrømma. I alle fall enn eg legg i det i byrjinga av eit semester. Det plar koma seg.


Men det er nok ikkje forklaring god nok. Facebook. Der har me det. To månadar etter eg fekk facebook, var det slutt på bloggskrivinga. Og facebook er fint det. Men ikkje heilt det same som blogg. Eg må seia at eg likar veldig godt å lesa bloggane til folk eg kjenner. Berre heilt enkle ting som vert skrivne om det levde liv tykkjer eg er kjempespanande.


Kanskje er det andre som meg der ute. Så kanskje eg skal byrja å skriva att. Det er litt befriande i grunn, det å skriva. Men det vert litt mykje av og til. Og så har eg kome i gang med trening no. Også veldig befriande. Og smertefullt. Det er ein sånn elsk-hat-ting for meg, trur eg.


Bloggskriving er også veldig fint å driva med for å utsetja å skriva markedsføringsoppgåva.. Kan ikkje verta utsett mykje lenger den no, altså.. Har jo metodeoppgåva også; Er dagens studentar på UiA for eller mot EU?


Kjem på så veldig mange ting å skriva om, er jo eit heilt år sidan sist. Men det går jo ikkje. Å skriva alt. Fekk lyst å skriva ei bok, eigentleg, men det skjer jo ofta. Kvar får forfattarane idéane sine frå? Så tenkjer eg at dei kanskje skriv om ting dei har opplevd, så tenkjer eg at eg kan skriva om studentlivet, så tenkjer eg at om studentlivet ikkje er direkte kjedeleg, så hadde det blitt ei ganske einsformig bok..


Kanskje eg finn ei løysing. Seinare. No må eg skriva markedsføringsoppgåva. Eigentleg. Me fekk B+ på den forrige, då. Kjekt, men eg skreiv jo berre ein fjerdedel. Hatar pensumboka som er på engelsk!


Eg har plutseleg vorten usikker på kommareglar. Kvifor? Hjelp.


Lenge sidan eg har skrive på nynorsk no. Dei andre på gruppa skriv bokmål, og det må jo eg berre føya meg etter.


Sånn no skal eg prøva å posta det her. Spørs om eg hugsar korleis, lenge sidan sist :p Mm, men kanskje det vert eit innlegg eller to til, før eg er ferdig med markedsføringsskrivinga for i dag.. Me får sjå.


Det snødde i forgårs!


So long

Sånn såg eg ut i veke 41, viss biletet av meg for nokon skulle vera litt utviska ..

fredag, august 03, 2007

Sørlending

Har fått meg hybel :-)

Dublett på Brigaderen i Gimle studentby rett ved høgskulen. 15 kvm, eige bad, og deler kjøkken med ein annan (ukjend). Vert særdeles spanande! Vart litt dyrare enn tenkt, men trur det skal gå bra. For litt funny information så fekk eg den ved at eg melde meg på loddtrekning av dei resterande hyblane til SiA, og blei altså trekt ut andre dagen, to gongar, faktisk...(?)! Hadde eg ikkje trudd :)

Trur eg reiser nedover på laurdag 11., med mamma eller pappa eller begge.




Skildring av dubletten: http://www.boligtorget.no/sia/frameset.asp?genses=200708030286555834

tirsdag, juli 31, 2007

Studera til hausten?

Kjem eg til å klara å bu åleine dette året?
-
Finn eg meg stad å bu i det heile? Korleis velja?
-
Vert eg kjend med andre?
-
Vert det spanande og interessant å studera økonomi og administrasjon ?
-
-
Er det eit dårleg teikn når du får lyst til å studera alt mogeleg anna enn det faktisk har tenkt å studera?
-
-

Kvifor er det ikkje sol ute i "sommar"?!
-
-




Kvifor har eg lyst til å legga meg i senga med fjeset i puta, dyna over hovudet og skrika høgt?

-
:'(

lørdag, juni 30, 2007

17. mai

17. mai i Sambygg


Kirsti er blid som sola

Mamma i sekkeløp
Kirsti i potetløp..
Pappa på stylter :)

På stylter, lenge sidan sist!

Jeej, har alltid ynskt meg dobbelt sett med armar!

Dei siste dagane...

Mykje tull og fanteri var funne på siste veka. Dette er bilen til Sondre som nokon har trilla inn i hovudbygget.. Den overtrøytte årbokkommiteen fann dette svært underhaldande..:)


Etter avslutningskonserten i Gjøvikhallen var det avslutning med foreldre på Viken

*Sukk*, var så sint på meg sjølv for at ikkje kom på at eg måtte ta bunaden med meg i påskeferien!

Intern avslutning i peisestova

Årbokskriving (!)

Siste dagen var full av både latter..

..og tårer.

Og ikkje minst gode klemmar!

Kjem verkeleg til å sakna alle desse fantastiske menneska..




Prrrates!

Oppdatering

Det har skjedd ein masse sidan sist: eg har slutta på Viken, eg har kome heim, det har vore 17. mai, eg har byrja jobba for sommaren, eg har vore på Real Group-konsert, eg har vore på Vikenfestival, slåtten har byrja, og det har rett og slett blitt sommar!

Men, det vert litt mykje å skriva om så langt tilbake, så eg vil berre leggja inn nokre biletbloggar i staden. Enjoy! :D

mandag, mai 14, 2007

Sorg og elende!

Her ved Mjøsas hvite strand,
ligger det et lite land,
som vi fikk *snufs* dele med hverandre.

Viken var vårt oppholdssted,
helt til våren *hulk* tok oss med,
til nye landskaper å vandre... BUHUUUUU!!!


Ja, i dag er siste dagen her på Viken, i går åt me vårt siste kveldsmåltid, i dag den siste middagen, og i morgon; den siste frukosten...

Det er så ubeskriveleg fælt! Eigentleg har det ikkje gått heilt opp for meg endå. Kjem vel på internavslutninga i kveld. Kanskje.

På laurdag hadde me avslutningskonsert i Gjøvikhallen for foreldre og andre. Dette kan du lesa om her:

http://www.oa.no/Ungdom/article2769846.ece

Om du lurer på kven Anders Skjervheim er, så er det altså meg, men den godeste Viggo Sandvik har tydeligvis ikkje verdas beste hørsel... Hehe, men elles bra omtale, også av ABBA-medleyen vår, som faktisk gjekk relativt dårleg (mikrofon som ikkje virka ++). Det var jo kjekt :D

Og så har me vaska og vaska og vaska, no. På fredag var det heile skulen, og i dag rommet. Anne Kristine (din svikar :p) hadde jo reist, så eg måtte ta heile rommet vårt åleine, puh.

I morgon kjem mamma og hentar meg, *sukk*. Men det er Vikenfestival om ein månad då. Og så gler eg meg vanvittig til Real Group konsert 1. juni! Skal på "vorschpiel" hjå Per Thomas, og "nachspiel hjå Victoria :D

Heh, kjenner i handa mi no at eg har skrive ein del i det siste. Det tar på både av krefter og kreativitet å skriva over 60 helsingar i årbøkene til folk. Eg skal lesa alle helsingane eg har fått i bilen på veg heim i morgon..

Men no går eg. Det regnar ute og eg er våt og kald på beina! Prrrates :)

søndag, mai 06, 2007

Skogstur

På bussen heim frå Russland vart me heilt overgivne over kor grønt og fint og varmt det var i Noreg! Og Vetle kom opp med den geniale ideen at dette var jo perfekte forhold for ein telttur i skogen. Og me var ein gjeng som ville bli med, så to dagar seinare pakka me sekken, snørte våre sko, og satte oss i bilane. Bilane køyrde oss til dit me skulle gå frå, og me fann fram nesten med ein gong :-)
Vetle og Henning var turleiarar. Det var ikkje alltid like lett å lesa kartet, men me fann nokre vegar me fulgte.
Veret var nydeleg, og terrenget var fint å gå i.
Me kom oss fram til det vatnet me hadde sett oss ut på kartet, men det var for myrete til å slå opp lavvo der.
Så me gjekk langs vatnet, opp på ein topp, og deretter ned i ei lun, totalt vindstille hola.
Utsikt frå toppen der me ser glimt av vatnet. Ikkje at Vilde og Lars Jakob såg så mykje på den...;)
Med godt samarbeid fekk me slått opp lavvoen. Det var ikkje store plassen me fekk, men underlaget var mjukt og fint.
Så var det tid for å tenna opp eingongsgrillane og finna fram maten. Me hadde diverre fått bålforbud, noko som gjorde at fleire valgte å ikkje vera med på turen...
Me som var på tur koste oss no stort i alle fall!
Hanna set tennene i maiskolben. Me hadde kjøpt fem boksar, fordelt på ti personar. Me kan sei det slik at me fekk nok.
Etter leiking og hopping og spretting og prating, var det tid for å leggja seg. Me var ti stk i ein åttemannslavo, men det var berre koseleg! Eg trur eg aldri har frøse å mykje som eg gjorde den natta, og det var ikkje mykje eg sov. Hadde nok tatt sommaren litt på forskot... Det var derimot andre som sov, og det var ikkje like lett for alle å stå opp heller :)
Det var framleis ein smule kaldt om morgonen, så frukosten vart eten i lavvoen med beina i soveposen.
Så pakka me saman og vandra tilbake langs vegen, godt nøgde med turen, i møte med bilane som kom og henta oss.

Det er sommar, det er sol

Etter to nydelege dagar i fantastisk sommarver, soling, is, ny sommarkjole, har det endeleg skya litt over. Dessutan er det meldt regn dei neste dagane.
-
Elles er det berre litt over ei veka igjen på Viken, megatrist! Anne Kristine skal til USA og reiser allereie i morgon tidleg :-( Men me nyt den tida som er att. Studio er mykje oppteke, og folk øver til huskonsert og avslutningskonsert. Viss me får øvd skal vokalgruppa mi opptre med ABBA-medley'en.
-
15. juni er det Viken-festival, så då ser me (dei fleste av oss) kvarandre igjen. Og så får me jo snart årboka, og eg håpar det vert noko av den Viken-cd'en. Skal nok ha nok av minner etter at me har slutta. Men forferdeleg trist likevel. Eg føler at om me hadde gått eit år til kunne me ha utvikla oss endå meir, i større grad. Me er jo over byrjingsfasen no. Jaja...
-
1. juni er det The Real Group-konsert i Askim. Den har eg noko enormt lyst til å reisa på, og det er berre å slengja seg på viss du vil vera med! Står meir her: http://www.askim.no/Modules/calendarsearchevent.aspx?ObjectType=CalendarEvent&CalendarEvent.ID=865&Calendar.ID
=5&Category.ID=28978
-
2. juli er det Skjærgårds M&M, og eg håpar verkeleg at det vert til at eg får tatt meg ein tur ned dit også! http://07.sginfo.no/

onsdag, april 18, 2007

"Fytekatta for en musikal!"

Veker med hard jobbing har no vist resultat...:)




http://www.viken.fhs.no/index.php?kat_id=77&art_id=1626



Kommentar frå salen under forestillinga:

- "Mamma, hva gjør den bjørnen i Karius og Baktus?!"

(Sagt om Vetle som hund i musikalen som då altså var Annie) :D

fredag, april 06, 2007

Arbeidsminister Perkins

Påskeferien har vore eit kjærkoment høve til å skaffa kostyme til musikalen. Bestemor sitt kleslager kom godt til nytte, og har saman med pappa sine dressklede byrja å gje form til m.a. arbeidsminister Perkins...



"I følge mine siste talloppgaver er det nå 15 milioner arbeidsløse amerikanere, og nesten 50 millioner som, så vidt vi kan se, ikke har til livets opphold!"

Elles har eg spretta opp ein gamal kjole som bestemor skal sy litt på i morgon, som altå skal verta ein betre, meir passeleg (!) kjole til barnehjemsungen July (meg). Eg plukka også med meg ein haug med hattar og ein gammal vest som eg får sjå om eg får brukt :-D Hihii, gler meg!

onsdag, april 04, 2007

Melkekartongpåskekrimmen


Etter å ha lest og analysert grundig kvar einaste setning i påskekrimmen på Tine sine melkekartongar, har eg ikkje klart å finna eit einaste spor som leier mot ein potensiell mynttjuv. Dette er særdeles irriterande, og ikkje minst eit stort nederlag for mi ikkje lenger fullt så ljose framtid som privatdetektiv! Grr!

Men altså, veit du svaret, gje meg eit lite hint så eg kan få att nattesøvnen!

Takk skal du ha!