Samanristingstur


Første aktivitet var eit strategispel, kalla Stratego, som eigentleg er eit brettspel, der me skulle springa rundt med forskjellig status og leita etter den personen som bar flagget, medan me tok kvarandre. Nokre av titlane var genaral, kaptein, løytnant, speidar og sjølvmordsbombar..:) Var gøy! Mitt lag vant for det meste..

Om kvelden var det tro og tvil-grupper. Me sat rundt bål i Vikingland og diskuterte kva me trudde. Var veldig interessant, og me kom litt tettare på kvarandre, me i Go'fot-gruppa. Etterpå var det suppe og rundstykker varma på bål i hovudhuset i Vikingland. Vanvittig koseleg!
Dagen etter kunne me velga mellom sykkeltur, vandretur eller gåtur. Gåturen vart flytta til ein annan stad grunna dårleg ver, men også då me besteig fjellet Maukalaus, var utsikten null og niks grunna skodda. Me kompenserte opplevelsen med utsikt ved å dansa OL-floka og andre ringleikar/dansar. Fantastisk kjekt!

På veg tilbake kunne me velga mellom lang og kort veg. Den lange innebar elvehopping og fjellklatring før me slo oss i lag med syklistane ved jettegrytene. Var godt å koma tilbake til pizza og gele! Om kvelden var det tro og tvil igjen, men også "speakers corner" der alle kunne stilla seg på ei bruskassa og fortelja om kva dei trudde på. Gjekk litt treigt i byrjinga, men etter kvart skulle me ynskja det hadde vart lenger. Så var det kaffi og kaker før "1000 MOH" (musikk og helse-valfaggruppa) skulle ha konsert for oss. Det var utruleg fint og rørande, flott avslutning på kvelden.

Så var det endeleg duka for å bestiga Skogshorn! Etter å ha venta nokre timar i håp om at skodda skulle letta (noko den ikkje gjorde), sette me oss i bilane og køyrde ein halvtime innover på Golsfjellet. For å sei det kort steig me 800 m på 4 km gange. Det var braaaatt, men med eit passe jamn

På nedtur trilla me nesten halve vegen, og lårmusklane fekk brynt seg skikkeleg. Men me kom oss no ned, der mora til eine miljøarbeidaren, som har støl der oppe, venta på oss med nydelege kvikaker og saft og det me måtte attrå. Diverre var eg så mett etter nista at eg berre fekk trykt i meg ei..

På middagsmenyen den dagen stod kalkun, med is til desert.. Kan ikkje klaga på kosten i alle fall. Så var det tro og tvil; "speakers corner". Vart også i kveld avbrutt lenge før det hadde vore naudsynt. Kveldsmaten var pinnebrødsteiking i Viking

Var bra stiv dagen etter.. Heldigvis var dagens program for meg berre crosscart. Var kjekt, og vått, me måtte spyla søla av kvarandre etterpå.. Så var det tid for vasking og heimreise etter ei fin avslutning i Vikingland. Sov nesten heile turen tilbake...:)

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home