tirsdag, mars 13, 2007

Jentefest!

Drøymekvelden var der, og eg vart ikkje skuffa! Gutane hadde ordna middag, laga maten sjølv (bakte poteter og kjøtt, sjokolademousse) og tok imot oss med song før maten. Det var eit deilig måltid. Jentene fekk forsyna seg først, og halvvegs i gutane var det ikkje meir kjøtt igjen...Hehe... Det gjekk bra. Så var det tre kvarters pause før underhaldning og leikar i peisestova.

Tomma, Petter, Rikard, Andreas og Øyvind framførte ei flott tolking av As long as you love me - Backstreet Boys. Hylande morosamt!

Spesielt på slutten av songen...:)

Fellesdans for alle gutane til What a feeling, med koreografi av Knuppe (midten til venstre).

Igjen, vanvittig morosamt! Dei hadde gjort ein god jobb! Dei tok også igjen på leiken me hadde på dei, kalla sug og blås for dei som kjenner til den. Einaste skilnaden var, me brukte eit A4-ark, dei brukte ein liten transparentbit...
Andreas hadde også ein popquiz, som var blondinene mot brunettene mot dei to stakkar raudtoppane på skulen... Resultatet vart 24, 23, 20. Så viss me hadde rekna ut prosent riktige i forhold til tal deltakande på kvart lag...:p

Etterpå vart me servert alt det snopet me kunne klara å stappa i oss...

i tillegg til massasje for dei som ynskte det :)

Og til slutt var fleire av gutane oppe på scenen for å syngja/spela ein liten song eller to. Fantastisk kveld! Var berre å slappa av og nyta det. All kreditt til dei herlege gutane me har på Viken!