søndag, mai 06, 2007

Skogstur

På bussen heim frå Russland vart me heilt overgivne over kor grønt og fint og varmt det var i Noreg! Og Vetle kom opp med den geniale ideen at dette var jo perfekte forhold for ein telttur i skogen. Og me var ein gjeng som ville bli med, så to dagar seinare pakka me sekken, snørte våre sko, og satte oss i bilane. Bilane køyrde oss til dit me skulle gå frå, og me fann fram nesten med ein gong :-)
Vetle og Henning var turleiarar. Det var ikkje alltid like lett å lesa kartet, men me fann nokre vegar me fulgte.
Veret var nydeleg, og terrenget var fint å gå i.
Me kom oss fram til det vatnet me hadde sett oss ut på kartet, men det var for myrete til å slå opp lavvo der.
Så me gjekk langs vatnet, opp på ein topp, og deretter ned i ei lun, totalt vindstille hola.
Utsikt frå toppen der me ser glimt av vatnet. Ikkje at Vilde og Lars Jakob såg så mykje på den...;)
Med godt samarbeid fekk me slått opp lavvoen. Det var ikkje store plassen me fekk, men underlaget var mjukt og fint.
Så var det tid for å tenna opp eingongsgrillane og finna fram maten. Me hadde diverre fått bålforbud, noko som gjorde at fleire valgte å ikkje vera med på turen...
Me som var på tur koste oss no stort i alle fall!
Hanna set tennene i maiskolben. Me hadde kjøpt fem boksar, fordelt på ti personar. Me kan sei det slik at me fekk nok.
Etter leiking og hopping og spretting og prating, var det tid for å leggja seg. Me var ti stk i ein åttemannslavo, men det var berre koseleg! Eg trur eg aldri har frøse å mykje som eg gjorde den natta, og det var ikkje mykje eg sov. Hadde nok tatt sommaren litt på forskot... Det var derimot andre som sov, og det var ikkje like lett for alle å stå opp heller :)
Det var framleis ein smule kaldt om morgonen, så frukosten vart eten i lavvoen med beina i soveposen.
Så pakka me saman og vandra tilbake langs vegen, godt nøgde med turen, i møte med bilane som kom og henta oss.