lørdag, mars 10, 2007

"Hvilken herlig dag"

...det var i går!

Først ein fantastisk skidag i Hafjell med dagskort for 130 kr og gratis frakt! Me var der frå 9 til halv 5 og hadde det strålande. Deretter ein god etterlengta dusj (trykket var det jo så som så, då alle på Vikheim dusja samstundes, men eg var heldig då eg lot Anne Kristine dusja først..:)), før ei særdeles velsmakande kyllinggryta til middag. Litt koseprat og appelsinkasting ved bordet etterpå, før det var tid for å samlast i peisestova til Beat for beat og Nytt på nytt.

Så:....Kaarstadbygget a cappella-gruppe; 9 kjekke menn som møttest på lærarskulen i Volda og bestemte seg for å syngja saman, og det gjer dei bra! Eg hadde skyghøge forventningar til denne konserten og eg gledde meg som ein liten unge! Endeleg noko a cappella! Eg sikra meg plass på første rekke for å få med meg absolutt, endå eg veit at slikt er risikabelt då det ofte blir tulla med dei som sit fremst og er lett tilgjengelege for konserthaldaren.

Konserten svingte og var show av høg kvalitet. På reportoiret (korleis skriv du det stygge ordet! Eg har jo bruk for det så ofte no for tida!) var mellom anna Ain't no sunshine, Take on me, Alle Pippis Blå Bjørner (e.l.), Eye of the tiger ++ Og tru det eller ei, sjølvaste Vingle-Petter (frå Fjordlandreklamen, veit du) var ein av medlemma i Kaarstadbygget! Han hadde mellom anna ein eigen radiosketsj. Alle lydane den mannen har i seg! Vanvittig morosam kar! Og dei var alle dyktige songarar. Minstemann, som dei kalte han (førsteårsstudent på Staffels), hadde ei aldeles nydeleg stemma og sjarmerte alle jentene i senk med Can't take my eyes off you.

Og så, omlag midt i konserten, skjer det... Når dei stemmer i og solisten på Carol kjem fram frå rekkja, og ikkje etter mange steg skjønar eg til min store forferdelse at det er meg han har tatt sikte på! Og han vert ståande der resten av songen og stirra meg djupt inn i augo medan han syng " darling there will never be another, cause I love you so..." Hehhh, kjempeflaut, men eg overlevde. Og, ja, gjett kva song eg hadde på hjernen då eg vakna i dag...

Nei, dei var utruleg dyktige og morosame og sjølvironiske; "...har vore på turné i både inn- og innland...", "etterpå kan de få kjøpt cd-en vår... har me berre desse tre? Det går an å brenna dei!" Og no har eg brukt fira avsnitt på å skriva om dei (kunne brukt meir). I alle fall fekk me masse idear til å bruka på våre eigne nært føreståande turnéar; håpar me får til noko bra!

I dag er det gutane sin tur til å ha fest for jentene... Er utruleg spent! Men fryktar eg har litt for høge forventningar... :p Hehe, neidå, me får sjå!

1 Comments:

At 11:30 a.m., Blogger Maritjenten :) said...

Hey vennen!
Lenge leve Kaarstadbygget!! :) Hørte faktisk litt på cden deres i dag, før jeg leste bloggen din!! Skulle ønske de kunne ha en til konsert på skolen vår!!! Kjøpte du cdene??
Stor klem til DEG! :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home