tirsdag, januar 23, 2007

Ut i snøen

I går var altså eg og Anne Kristine på årets første skitur! Smørjing fekk me låna hjå Ellen Marie, og litt over 5 om kvelden satte me av stad langs Mjøsa. Det var herleg og kaldt! Omlag 7 minusgrader ute, og du ser kor frosten beit på dei rosa kjakane våre på bileta. Det var ikkje så langt me gjekk, litt mindre enn ein time, og vegen var relativt flat (...), men godt var det uansett!

På laurdag var me også ute og sprang i snøen. Mjøsheim B hadde elevkveld, og hadde laga til ei skattejakt. Det var oppgåver som rulling i snøen, fylla ei bøtta med vatn frå Mjøsa, spørsmål, laga klesrekkja, gåter, matematikk++ Laget mitt var ganske gode, men me vann diverre ikkje. Siste oppgåva klarte me ikkje, då ingen på laget vårt visste at Unni (lærar) budde rett i nærleiken, og der var skatten... Jaja :) Det var kjekt, og etterpå fekk me bollar, kakao, og snop frå skatten, og spelte masse spel. Nokre nyinnkjøpte same dagen.

Klokka 5 om natta var det endeleg tid for å leggja seg...:D