mandag, mars 05, 2007

Snø, snø og meira snø!

Hihiii! Det har vore vinterferie, og eg har vore heima på Voss. For ei veka! Fantastisk! For det første har det vore vilt mykje snø, og det snødde fleire dagar medan eg var heima også. Iiii, herleg! Og så har det vore eit fantastisk ski-VM desse dagane med masse medaljer, kjempekjekt! Måtte nok berre nøya meg med halv ti-sendingane, fem er litt tidleg, men når eg lot vera å sjå på tekst-tv så vart det spanande like vel. Hm, likte best herrestafetten, tremila og femmila...:D
-
Vegard var også heima nokre dagar, og mandagen tok me oss ein tur i trekket i Myrkdalen. Det var veldig bra føre og "tildels pent vær", men etter ei stund vart ljoset veldig flatt, noko som gjorde at det var svært vanskeleg å sjå noko nedover bakken. Skummelt. Elles har dei byrja å byggja på trekket i Vetlebotn. Åå, gler meg så vanvittig til det vert ferdig, beste plassen!
Torsdag var eg hjå doktoren og fekk konstatert at eg i alle fall har normalt blodsukker og slikt, så ingen fare for det ;) og eg fekk ei "anbefaling" til fysioterapeut. Så gjekk eg vangen rundt for å sjå etter bukser, før eg åt middag med mamma på Ringheimskaféen. Halv seks gjekk eg bort i Vonheim. Det var vanvittig godt å sjå igjen folk i koret, har nok sakna dei litt, ja, når alt kjem til alt.. Diverre fekk eg ikkje høyrt dei synga då begge dirigentane var borte den dagen. Typisk! Fekk derimot vera med og reklamera for TT og påskeleir :)
-
Og så har eg klypt meg! Ein del kortare og ein del opp. Vart ganske fint, litt merkeleg av og til; håret mitt er så uforutsigbart, men går vel greit..
-
Eg har hatt masse å gjera på denne gongen, og eg trur det er grunnen til at dette har vore den beste ferien til no. Og så har eg stått opp tidleg kvar dag for å utnytta tida. Mandag vart eg også spurt om eg kunne koma opp på Helgatun og jobba litt, så eg var der tre dagar. Solveig spurte meg om eg ville jobba der i sommarferien i år også, men eg hadde jo eigentleg tenkt å sjå om fann meg noko anna denne gongen, få litt meir erfaring (og pengar; 95 kr timen ER lite for ein 19-åring). Men dei ville veldig gjerne ha meg, så eg skulle sei ifrå når eg hadde fått meg ein annan jobb.
-
Laurdagane vart skidagar. Først tok eg og pappa oss ein tur til Enstølen. Det var fint, men litt klabbete. Andre laurdagen gjekk me til Steinset (stølen vår). Det var vanvittig bakglatt i byrjinga, men då me kom lenger opp vart snjoen tørrare og festet så godt som perfekt. Vanvittig fin tur, veret var også nydeleg, og til tross for at me måtte brøyta løypa sjølv i den djupe laussnjoen den siste halve kilometeren, så kom me oss fram. Men det var herleg å skikkeleg på ski att, ikkje i løypa. Fiiin tur. Trur eg må legga meg i hardtrening til påske viss turane skal verta noko lengre. (Har dessutan lagt på meg fira kilo sidan jol, så vil nok berre ha godt av litt trening, ja..).
Eg rakk også akkurat å stikka innom Vonheim og koret som hadde øvingshelg, og fekk høyrt ein song. Dei var flinke! Sundag reiste eg tilbake til Gjøvik, og her er eg ;)