onsdag, oktober 18, 2006

Ah!

Må berre innrømma at det har vorte lite tid på dataen i det siste, det skjer så utruleg mykje for tida, og Østfold-turneen vår nærmar seg faretruande! Men først er det då huskonsert på fredag, og foreldredag på laurdag. Både mamma og pappa og to til kjem..:)

No får me nesten til "Hit the road Jack" på vokalgruppa, men me synk noko så grasalt kvar einaste gong! Irriterande er det! Skal øva klokka seks igjen då, så får me sjå..



Veret er for augneblinken særdeles dårleg. Men fine soloppgangar har me no hatt. Biletet er teken frå vindauget på rommet mitt.. Etter tre, fira iskalde dagar har det no gått over i høljregn. Nokon snakte om at det snart skal byrja å snjoa, men det er jo berre fint. Gler meg til vinteren, og alle her gler seg noko sinnsjukt til jul!!! Me må verkeleg ta oss sjølv i nakken for ikkje å byrja å synga julesongar om dagane..

På sundag er det mi gruppa sin tur til å ha kveldstankar, me planlegg litt sånn bibelquiz med å mima ulike situasjonar og slikt. Det er fint med dei kveldane. Håpar me får tak i nokon som kan sei noko fornuftig også. Elles så lærte me eit nytt bibelvers forrige sundag, inntil klappinga til "We will rock you":

Jeg vil lære deg og vise deg
den veien du skal gå,
mine øyne hviler på deg
og gir deg råd!
Salme 32 vers 8

Det var kult, og eg hugsar det framleis! ;-)

Elles er humøret i dag veldig bra. Eg har til og med fått skrive eit brev. Og så kom avsløringa på siste veka sitt "hemmeleg ven"-prosjekt! Andreas hadde blitt veldig glad for lappane mine og sangen eg dikta til han, så det var kjekt! Det var Frøydis som hadde meg, og eg fekk eit par fine ting hjå henne som gjorde meg veldig glad :)

Men no må eg springa for å øva med vokalgruppa.

IBB!