mandag, november 27, 2006

Blå veker

Turnèen er over, og livet held fram. Men ikkje heilt som normalt. Det er som vanleg stadige nye ting som skjer. Helga etter turnèen var eg heima og gjorde absolutt ingen ting, bortsett frå å gå på russen 007 sin russerevy; "From Russen with love". Den var bra, hadde eit par gode poeng :)

Fredagskveld hadde me jentekveld på tekjøkkenet til Vikheim 1, der me åt popcorn og såg "How to lose a guy in 10 days".


Elles har me også byrja å sjå ein episode av "Band of Brothers" kvar kveld. Bortsett frå laurdag, då det var frivillig spelekveld. Eg var med på bordtennisturnering, og rauk sjølvsagt ut etter første kampen :p

Desse vekene har me dessutan "blå veker" som går til dømes ut på at eg har 15 vokaltimar i veka i staden for 4... Me har føreståande framsyningar og miniturnèar i vente og øver no spesielt fram mot desse. Det vert også ein del dans og cabaret-øving.

Laurdag var me forresten på landskamp i fjellhallen, handball damer, Noreg-Tyskland og Frankrike-Russland. Det var kjekt, veldig bra stemning på første kampen.

Viken fekk gratis inngang mot at me hadde med trommer og laga liv, og kosta heile tribunen etter kampane. Livet var greit nok, (gutane tok til tider heilt av med trommene) men det tok ein og ein halv time å kosta!

Jaja, Noreg vann, grundig, og det var kjekt å sjå kor flinke dei er. Men dei ser jo så unge ut, håndballaget har jo pleid å vera godt vaksne damer...? ;)


No er det berre fire dagar til første desember! Eg og Anne Kristine har kjøpt inn jolestjerna, adventsstake og lilla ljos :) Trur eg skal ta meg ein liten tur opp på Euroopris og sjå kva dei har der oppe også. I går var det visstnok tenning av jolegata i byen. På vokal syng me masse jolesongar, alle jentene i "damekor". Det er nydeleg! På laurdag skal me dessutan ha den førjulskonserten i Gjøvik kyrkje, der alle på vokal skal synga ein song kvar. Eg skal synga "Kaldt og mørkt", og eg held allereie på å pissa på meg av nervøsitet!

I går var eg på heklekurs, med Unni. Eg har berre hekla ein liten lapp endå, og lært ulike heklemåtar, men skal læra meir på torsdag. Det er i grunnen litt kjekt (når ein får det til) :)

Også hadde me (visst) kveldstankar i går. Me gjekk ein liten tur langs Mjøsa, og me hadde satt opp fakkelboksar, las bibelvers og sat rundt bålet og song. Veldig koseleg!

No må eg stikka til vokaltime. Har fira vokaltimar i dag, og det er alt :)

1 Comments:

At 10:06 a.m., Blogger Ingebjørg said...

Å, so koslig du har det!! Her var det istid2 det gjekk i i går...:)

Ikkje lenge til jul, no!!:D

 

Legg inn en kommentar

<< Home