onsdag, oktober 25, 2006

Foreldredag, villtur, innspeling, rollespel, fotball, øving, nattakor, banankaka, eventyr, swingkurs

Seriøst!
Det skjer så utruleg mykje for tida at eg rett og slett ikkje får tid til å skriva om det! I alle fall; eg var vel komen til foreldredagen, som gjekk utruleg fort! Mamma, pappa, Kirsti og Vegard kom i tolv-tida. Først var det kaffi, så var mamma og pappa på infomøte med vokalfordjupinga, medan eg, Vegard og Kirsti fann oss eit klasserom og spelte piano og sang.

Så var det vel lunsj, meir informasjon, og omvisning, før den store konserten. Den varte i ein og ein halv time og var mykje det same som huskonserten, berre at dei fleste banda gjorde det betre denne gongen, og det var jo bra! Deretter var det ein times pause før middag; herleg moussaka! Og så etter litt biljardspeling var klokka rundt ni og det var på tide for besøket å reisa. Me andre var dødstrøytte etter ein lang dag, og etter ei stund med prating i peisestova, gjekk me og la oss, før elleve.

Sundag var ein blanda dag. Den byrja flott, med ein fantastisk villtur som endte inn i skogen og utanfor Gjøvik kommune. Men me kom oss tilbake. Seinare skulle vokalgruppa mi i studio og spela inn "Hit the road Jack". Det gjekk så som så, og eg var skikkeleg deprimert ei stund etterpå. Men humøret kom seg att då Kveldstankergruppa mi gjekk ned i kostymelageret for å finna klede til vårt vesle bibeldrama. Fantastisk moro! Holdt på å le oss i hel! Kven har vel før sett eit esel med jakke, krøllete parykk, museøyre og rottehale?! Kvelden vart vellukka, og talaren Vetle hadde skaffa var flink. Og tru det eller ei; etterpå gjekk eg og Anne Kristine og la oss. (Kveldstanker var klokka kvart på ti den kvelden grunna fotballkamp på tv (Rosenborg-Brann 3-1 :-()).

Mandag:
- Byrja bra med fira timar "rollespel". Me var delt opp i to ulike kulturar og så skulle me senda to tre stykker på besøk til den andre kulturen for å sjå korleis dei levde. Det var heilt sprøtt, vilt! Og utruleg kjekt og spanande!
- Etter middag var me ein gjeng som spelte fotball ute. Eg trur det må vera den kjekkaste fotballkampen eg har spelt til no, det var så kjekt! Men litt over seks så vart det jo mørkt, og me måtte diverre gje oss.
- Men dagen var ikkje over endå, etter eit par timar med vellukka øving, var det kveldsmat. Me vart sitjande der ei stund, og prata mac og Football Manager. Deretter gjekk me ut i ein sofa tre-fira av oss og prata litt.
- Mellom halv elleve og elleve gjekk eg og Anne Kristine og la oss etter eit par mindre diskret hint frå
"Nattakoret"
Ikkje lenge etter at me var kome opp på rommet og hadde byrja å gjera oss i stand til å sova, banka det på døra. Eg opna døra. Utanfor stod omlag ti spente gutar.
Eg sa dei måtte venta litt, for Anne Kristine var framleis på badet. Eg gjekk inn igjen og dei lot att døra. Då Anne Kristine kom ut opna ho døra igjen... Og inn kom dei, med den vakraste humminga du kan tenkja deg! Dei slokte alle ljos, og hadde sjølv med seg to store kubbeljos frå matsalen.
Det var så nydeleg og dei song så fint, og eg var så overvelda at eg ikkje lenger hugsar kva songar dei sang. Men firstemt var det i allefall, og Sigurd hadde med seg stemmegaffelen sin så dei fekk tonane. Eg trur forresten det var tre songar, berre den siste hugsar eg , då dei hadde dikta ny tekst til "Laudate omnes gentis":
Sov godt du vakre pike,
sov godt og fall til ro...
Deretter gjekk dei nynnande ut medan dei alle saman gav oss ein "god natt"-klem.
Igjen i rommet sat eg og Anne Kristine i kvar vår seng og berre gliste. Kvein litt gjorde me også. Det var rett før me var rørte til tårer begge to, og no visste me ikkje heilt kvar me skulle gjera av oss. Eg må berre sei at dette var noko av det mest fantastiske eg har opplevd i heile mitt liv! Og med dette kjem eg med ei oppfordring til alle gutar rundt om i verda om å ta initiativ til det same; gi jentene eit minne for resten av livet!
Så det var den fantastiske mandagen :)
Tirsdag byrja som vanleg med vasketime, og timen etterpå hadde eg tenkt å vaska badet på rommet vårt. Dette vart imidlertid effektivt hindra då Karen kom innom og baud oss på banankaka på rommet til henne og Tina. Det endte opp med meg, Anne Kristine, Sigmund, Sigurd, Tina og Karen der inne, fråtsande i banankaka, sjokolade, kokosgodt og kakao, medan me las eventyr om "Den flyvende kuffert" og "Stoppenaalen" frå Karen si eventyrbok (som då var skriven på dansk). Det var utruleg koseleg!
Så var det vanlege timar resten av dagen. Det vil sei, til halv sju. Og når nybyrjarkurset i swing då byrja klokka seks, og det var der dei fleste frå skulen hadde tenkt seg, så var det klart det var litt irriterande. Det var eit kurs for vidarekomne etter det første kurset. Eg var veldig i tvil om eg var klar for det endå, men eg hadde veldig lyst til å dansa, så eg tok no med meg danseskoa og gjekk opp for sjå.
Eg ante ikkje kor det var, og å følgja kartet eg hadde tatt ut frå internett var ikkje heilt lett. Så det som skulle vera ein ti minutters tur vart til minst 20. Men eg fann no fram og fekk med meg slutten av nybyrjarkurset til dei andre. Det såg veldig kjekt ut, og dei klarte å overtala meg til å gå på det andre kurset. Heldigvis kom også Stine og var med på det. Eg er glad eg gjekk, det var veldig kjekt, og ikkje noko spesielt vanskeleg. Det vert nok sikkert fleire turar opp der, ja :-)
Nede på skulen igjen tok eg meg ein velfortent dusj før kveldsmaten, og deretter vart dagen avslutta med "Grey's Anatomy", som dei fleste jentene her ser på, i tv-stova. Eg sovna med ein gong eg la meg den kvelden!