onsdag, oktober 25, 2006

Rollespel

Mandag byrja dagen bra, med fira timar "rollespel". Me vart delt opp i to ulike kulturar og så skulle me senda to tre stykker på besøk til den andre kulturen for å sjå korleis dei levde. Det var heilt sprøtt, vilt! Og utruleg kjekt og spanande! Me skulle då prøva å finna ut kva reglar den andre kulturen levde etter.

Eg var med i ein meir kynisk, kapitalistisk kultur. For oss var det om å gjera å bytta til oss kort frå ein til sju i same farge. For å gjera dette måtte me først blinka til ein annan person og få eit blink tilbake. Deretter måtte du halda opp det kortet du ville tilby, og så forklara kva kort du ønskte. Dette vart gjort med eit kodespråk: For å forklara kva farge det skulle vera på kortet måtte du seia eit kva som helst ord som byrja på den same bokstaven som fargen (bling, gurke, gras, ratata).

For å formidla kva nummer du ønskte, måtte du bruka den første stavelsen i fornamnet og etternamnet ditt. Om eg skulle sei 5, hadde det vorte "ha-skje-ha-skje-ha", altså like mange stavelsar som det nummeret du ville ha. Om du ikkje hadde kortet det vart spurt etter, måtte du vifta med albogane, som i fugledansen. Hadde du kortet og var villig til å bytta, måtte du legga kinnet på skuldra di som positivt svar. Og så bytta ein. Kvar gong ein fekk full rekka leverte me den inn i banken og fekk ein sjokoladebit. Det var også premie til den som til slutt hadde fått flest rekker.

Alt dette var jo sjølvsagt totalt uforståeleg for dei besøkande frå den andre kulturen, slik me for rundt og blinka til kvarandre, vifta med armane og snakka relativt kaudervelsk. Det var difor eit fint høve for oss innfødde til å utnytta gjestene for å få tak i dei korta me trengde. Som besøkande hjå dei fekk me sjå at dei kom frå ein heilt annan kultur. Alle var blide, klemte kvarandre og samtalen handla mest om familien og store bragder. Familiemedlem av hankjønn vel og merka. Dei sat også og spelte eit slags kortspel og utveksla trebrikker, men var alltid like glade om dei vann eller tapte.

Dei var også venlege mot oss besøkande, starta gjerne ein samtale eller eit spel om treklossar, men plutseleg kunne dei endra oppførsel totalt og halda opp eit kort mot deg der det stod Stippler. Me i den andre kulturen ressonerte oss fram til at dette var på linja med å visa fingeren, men kvifor dei plutseleg viste fram kortet var uvisst. Me måtte ha gjort noko som fornerma dei.. Det hendte også at nokre av gutane våre vart kasta ut frå den andre kulturen. Heller ikkje dette hadde me noko forklaring på, men me fann ut at mange av dei hadde ulik rang.

Me fekk svara til slutt: I den framande kulturen var kroppskontakt svært viktig, også det å snakka om dei mannlege medlemma i familien og kva dei hadde gjort. Kortspelet var berre til forvirring, dei skulle berre vera like glade enten dei vann eller tapte. Tydinga til Stippler-kortet hadde me også gjetta riktig på, og dette fekk me sjå om me t.d. prata om kvinnelege familiemedlem eller viste det same kortet sjølv, uvitande av tydinga, t.d. når du var invitert med på kortspel. Ein annan ting var at kvinnene i kulturen var mennene sin eigedom, og menn frå vår kultur kunne ikkje snakka med kvinner utan at mennene hadde snakka til dei først og godkjent dei. Difor vart dei ofte kasta ut. Kulturen hadde også ein hovudsjef som mellom anna kunne innlemma framande i kulturen ved å ha ein sivilisert, høflig konversasjon med oss, etter deira reglar...

Jammen var det kjekt, ja! Me fekk mykje betre forståelsen av å vera ny i ein heilt framand kultur, og det var neimen ikkje berre berre. Og så var det særdeles morosamt å høyra etterpå korleis dei andre trudde vår kultur var... Ah, ei herleg oppleving eg vil anbefala til alle!