torsdag, oktober 26, 2006

Braaann!

Jepp, du las heilt riktig. Mellom seks og halv sju i dag tidleg vart eg vekt opp av den beste søvnen på lenge av ei særs høglytt jamring.

Først etter andre ulet skjøna eg at det var brannalarmen! Og då gjekk alt i ein forrykande fart. Eg og Anne Kristine kasta oss ut av sengene, treiv på oss buksa og sprang ut med jakka over skuldra. Me rakk også å ta på oss skoa i gangen, der me måtte Sif halvnaken med ei dyna rundt seg.. Me var dei første ute, men etter kvart kom dei andre og me stilte oss i rekker etter internat.

Praten gjekk livlig, og me høyrde skumle rykter om tjukk røyk nede på Vikheim U. Fire minutter etter at brannalarmen hadde byrja kom brannbilen susande. Og straks etter kom Svein springande; Var alle der? Kva?! Hadde Marianne og Ellen Iselin (som bur i Vikheim U) gått inn att på rommet?!?! Heldigvis viste det seg at det var vaktmester Stig som hadde bede dei om det, for at røykdykkarane skulle koma og finna dei... Ja, det var berre ei øving, med falsk røyk. Og tilsynslærar og elevar hadde ikkje visst om det.

Så fekk me gå inn att, men i løpet av den timen det var til me faktisk skulle stå opp, fekk me ikkje sova igjen. Då hadde det nesten vore betre om øvinga var klokka tre om natta. Men, men, det var no likevel ei spanande oppleving... :-D