tirsdag, november 21, 2006

Turnè!

Etter tre månadar på folkehøgskule med masse øving, var me, mandag 13. november, endeleg klare for ein liten turnè! Reisa gjekk ikkje så langt denne gongen, og etter 2-3 timar i den toetasjers bussen var me framme i Ski der me skulle ha den første framsyninga vår.


Rett etter ankomst måtte me skunda oss og rigga opp og skifta og venna oss til lokalet. Vart litt stress, men me klarte å verta ferdig i tide. Det var ein vidaregånde skule med musikk, så me fekk bra med publikum. Dette var den einaste skulen musikal og mudra fekk visa seg fram på, og det gjekk veldig greitt :)

Så var det rask nedrigging før me hoppa i bussen igjen for å køyra til leirplassen me skulle overnatta på, "Solbukta", i Fredrikstad. Det var eit veldig fint område, men me var jo ikkje der så mykje utanom måltid og soving. Me budde på firamannsrom med fire senger på ein vegg. Det var eigentleg ei kreativ plassering. Første kvelden reiste heile skulen på besøk til Mats, som budde rett i nærleiken. Det var litt av eit hus dei hadde! Det var faktisk plass til dei 70 personane som kom på besøk! Og eige rom med storskjerm. Og lampar som slo av seg av og på berre du tok på dei! Hehe... For ikkje snakka om maten; bollar og kaker som var hinsides gode! Men her var det visst fleire foreldre som hadde vore med og baka. Og me sang og koste oss før me reiste tilbake.


Andre dagen hadde me to kantinekonsertar på Fredrik 2. vidaregåande skule. Dette var gamleskulen til Sigurd, og ein av Noregs største vidaregåande skular. Det gjekk relativt bra på den første konserten, ingen gjorde store feil, utanom publikum som satt og skravla konstant, og ekstra mykje medan dei stakkars konferansierane, Frøydis og Victoria, snakka. Vokalgruppa mi framførte her "Hit the road, Jack" og "Ryktet forteller". Det gjekk fint (sjølv om det var ein smule forstyrrande med all skravlinga..)

I den andre kantina hadde dei det likevel verre. Det var færre folk og dei var særs uengasjerte, endå det var dei dødskule banda våre som opptrådde her. Me hadde diverre også eit lite lydproblem, men det vart fiksa etter kvart. Så denne dagen var litt skuffande publikumsmessig, men me hadde vel ikkje anna å venta, når me trengte oss inn i kantinene slik, og forstyrra matroa deira. (Vis respekt for folk som opptrer, folkens!)

Dagens middag vart pizza på Pizzanini. Etter konsertane hadde me fira timar fri i byen, til å gå rundt, shoppa, eta middag, og "nyta dei magiske augneblink". Det var litt lenge, men det gjekk greit. Om kvelden skulle me på Aksjon Håp-konsert med Inger Lise Rypdal og Torstein eit eller anna i frikyrkja i Sarpsborg. Det var ein flott konsert, og etterpå fekk me snakka med viss me ville.. Så fòr turen tilbake til "Solbukta".

Onsdagen byrja med konsert på St. Olav vidaregåande i Sarpsborg. Først hadde me ein liten promokonsert med MUFO2, medan eg og Ellen Marie stod ute i gangen og gjorde PR. Det var forresten overraskande få som var interesserte i musikk der, eller som hadde tenkt å gå på folkehøgskule etter vidaregåande.

Den ordentlege konserten byrja halv to. Alle elevane hadde fått fri siste time slik at dei kunne koma på konserten vår. Nokon hadde talt, og på det meste hadde det vore 15 stk i konsertsalen.. Konserten gjekk i alle fall rimelig bra. Det einaste var vokalgruppa mi, som bomma totalt på den eine songen vår, måtte stoppa fleire gongar, og først på siste verset fekk det noko lunde til. Flaut, men me overlevde. Og fullførte i det minste. Det hadde vore dobbelt så flaut å gå av scenen før me hadde fått det til, slik Silje (som var den einaste som høyrde det) sa at læraren vår hadde ropt. Eg vart ein smule irritert når eg høyrde det!

Om kvelden hadde me kafèkonsert på Tomb vidaregåande jordbruksskule. Dette vart ein stor opptur! Om det ikkje kom så alt for mange folk, så var det nok, og dei var engasjerte! Dei klappa og hoia, og då me fekk nok eit lydproblem stemte dei i med "Ja, vi elsker"; Første verset første gongen, og andre verset andre gongen :) Ja, det var rett og slett ei fornøying å opptre for dei! Og me trengte verkeleg den oppturen! Etter siste nummer utfordra dei oss også til "Ja, vi har våra klara barnestemmar kvar.." Dei var jo dømd til å tapa ;p

Også siste dagen skulle me ha to konsertar. Først ein todelt på Askim vgs, gamleskulen til Vibeke, Rikard og Per Thomas. Dei hadde den merkelegaste kantina eg har sett, men den var stilig. Og folkene der var bra publikum. Den andre delen skulle me ha i det merkelagste auditoriet eg nokon gong har sett. Det var stupbratt oppover i seteradene, bittelitt golv nederst, og masse golv bakerst oppe. Først var me i tvil om det var plass til banda der nede, og vurderte til og med å ta det på plassen oppe, men det vart som det var meint frå byrjinga.

Det gjekk rimeleg bra. Kammerkoret måtte stå i trappene og synga, og bandfolka måtte sjå langt oppover, men ein bra konsert vart det. Og 140 elevar såg på, så det var jo fint :) Det er merkeleg kor stor skilnad det kan vera frå skule til skule! Men eg trur nok denne konserten var litt meir obligatorisk, då..

Etterpå var det nedrigging som vanleg, der alle skal hjelpa til. Det er det sjølvsagt ikkje alle som gjer, men det var like greit. Me som hadde gjort det dei siste gongane hadde fått skikkeleg sving på det no, og gjorde det berre på rundt eit kvarter! Det er fort det! Så me hadde god tid til å eta middag i bedehuset ein stad i Spydeberg. Familien Lund (Rikard sin familie) pluss nokre andre, hadde laga den herlegaste lasagne til oss, og til desert fekk me is og kaka!

Den siste konserten skulle vera i Askim kirke. Det kom masse folk, endå den mannen som introduserte oss sa at me konurrerte med både dugnadsarbeid og konsert med Christian Ingebrigtsen ein annan stad i nærleiken. Dei to ungdomskora Spiren og Svaret var mellom anna der. Det eine koret framførte sjølv nokre songar, medan det andre var med gospelkoret til Viken og song Brighter Day. Dei fekk seg nok litt av ein opplevelse. Det trøkket, med mikrofonar i koret og den gitarsoloen! Hehe... Absolutt ein vellukka sistekonsert.

Så var alt over. Me rigga ned og tok bussen tilbake til Gjøvik. Her var det forresten snjo! :D I eitt-tida kunne eg legga meg lukkeleg ned i senga, slappa av og sova søtt etter ei hektisk, men fantastisk spanande og kjekk veka!