mandag, februar 19, 2007

Inspirasjonshelg

Så kom helga me hadde venta på. Det var tid for ein inspirasjonstur til Hemsedal, og nesten alle pakka ned bobleklede og ski, før me tok buss den tre timar lange turen til "the place for the crazed". Viss du deretter plussar på eitt kvarters pause som vart tre kvarter grunna dokø, grunna sju koffertar inne på bussdoen, grunna dårleg bagasjeplass, så var me endeleg framme ved kyrkjestova Ragnhild hadde ordna til oss.

Hovudrommet vart raskt rydda for stolar og bord før me la inn madrasser til alle 50. Det var fint der, veldig koseleg. Etter kvelds var det ein liten andakt av ein mann, Gjermund eit eller anna (?), og Sylvia og Vetle snakka litt om det å be, før me hadde ei lita bønnevandring. Dei fleste la seg etterpå for å vera opplagt til laurdagen.


Så kom dagen for den store utflukten.

Me stod opp i nitida, åt frukost og gjorde oss klare, før me gjekk for å ta skibussen opp til heisane. Anne Kristine hadde litt problem med bindingen på eine skia, så me måtte få fiksa det før me først kom oss opp i bakken. Når me så satte oss i heisen datt skia hennar likevel av... Heldigvis var det ein bak oss som plukka den opp, så ho fekk den igjen på toppen :) Ute snødde det tjukt, men det la ingen stor dempar på skigleda. Dei siste tjuefire timane hadde det kome 15 cm med snø, så føret var bra bortsett frå haugane med snø som samla seg, pluss litt is under. Elles var det veldig fint, me prøvde mange ulike løyper som var veldig gode. På slutten tok me til og med ei svart ei, og skulle ønska me hadde gjort det før; herleg!


Me reiste tilbake i firetida. Dei som ikkje var med i bakken hadde tatt seg ein liten skitur, men det hadde visst klabba og diverse. Til middag var det jegergryta. Eit par timar seinare var det samling, der Gjermund prata, me song, og det var fritt fram for andre som ville sei noko. Så var det laurdagskos og me spelte spel (Sånn skal det låte) og hadde det kjekt før me la oss etter ein innhaldsrik dag.

Sundagen vart det litt stress om morgonen. Me var ein gjeng som skulle på skitur saman med Roar, og det viste seg at bussen gjekk ti minuttar tidlegare enn me trudde.. Det gjekk bra, og me kom oss opp. Deretter gjekk det nedover, nesten heile vegen. Litt trasig eigentleg; følte me burde ha fortent å køyra dei nedoverbakkane, det vil sei ha gått oppover ei stund først. Så hadde me ein herleg pause med grilling og kos i under nokre tre det datt snø ned frå og ned i m.a. bålet, hovud og nakke. Paul koste seg skakk i hel :)

Veret var for det meste fint, sol med litt skyer og passe kaldt. Etter pausen kom endeleg bakkane eg hadde etterlyst.. pluss klabbing, og gnagsåret eg alltid får av dei stygge skiskoa mine. Og dei fem minuta til Roar varte minst tre kvarter. Tidsberekning er visst ikkje den sterkaste sida hans.. Men det var ein fin tur. Tilbake ved kyrkjestova vart me møtt av eit digert mannleg kjønnsorgan av snø. Utanfor kyrkjestova. Dei hadde no hatt det morosamt dei som ikkje var med på skituren. Ragnhild reiv den ned. :)

Fastelavensbollar var naudsynt, det var jo faktisk fastelavenssundag. Så var det pakking og avreise. Tilbake på Viken fekk me pizza, og så såg me Grey's Anatomy første episode sesong tre nedlasta av Sveinung i E-bolig. Halv ti gjekk me og la oss! :D