søndag, januar 07, 2007

Nyttårsball

Så var me tilbake på skulen etter velfortent ferie med jol og gullbryllaup. No er det nytt år, ny timeplan, og i går var det nyttårsball! Det heile byrja med konsert i Gjøvikhallen. Oratoriekoret var der og song delar av Händels Messias. Les meir på: http://www.viken.fhs.no/index.php?kat_id=77&art_id=1240. Dei som ville frå årets Viken-kull, fekk vera med på Halleluja-koret. Eg var med, og det var heilt fantasisk! "Damekoret" og Kammerkoret fekk også opptre med ein song kvar, før dei 17 messias-satsane.. Eg skal så absolutt byrja i Oratoriekoret til neste år!

Klokka sju skulle alle møta i hall-en. Eg tykte folk hadde kledd seg fint til joleavslutninga, men dette var jo heilt ubeskriveleg! Alle saman i sin finaste stas. Så fekk jentene kavalerar. Nokre måtte dela; eg og Anne Kristine skulle eigentleg ha Henning i lag, men så kom Benjamin på besøk (Han hadde ikkje dress med seg, så han måtte nok diverre bruka uniformen i staden..;))
Så fekk eg Henning for meg sjølv :D Han var den perfekte kavaler; drog ut stolen for meg, skjenka i brus, dansa første dansen ++ Middagen var forresten kalkun!





Gymsalen var laga flott til med sittegrupper og dansegolv, der det etter kvart gjekk vilt for seg... Det var også litt leik og underhaldning, og utdeling av "Årets ..."-prisar. "Årets vims": Frank, "Årets lillebror": Vetle, "Årets finne": Øyvind, "Årets omtenksomme": Ingunn, "Årets helløu": Camilla, "Årets sitat": Prates i morra, av Paul ++ Men me dansa frå 11 til halv 3 om natta! Nei, det var ein fin kveld!


1 Comments:

At 6:01 p.m., Blogger Ingebjørg said...

Fin du e!!!
Ja, eller, va noen gutta i kullet som laga alt ja...:) Morsomme e at den har visst vorte plukka opp på eTube av eit eller anna tysk plateselskap/nettstad eller noe som har lyst til å kjøpa den...:) Dritkult! Ein tullerappesong på sogning/bergensk lissom....:)

 

Legg inn en kommentar

<< Home