mandag, februar 12, 2007

K-A-L-D-T



Jah, så er me tilbake i normalt gjenge igjen. Men det er framleis ting som skjer! Det er mellom anna eit nydeleg ver ute, dog særdeles kaldt, noko som resulterte i at me holdt på å frysa oss i hel då me skulle prøva å ta opp bølgeskvulp frå ei blikkstille Mjøs. Frøydis ofra til og med fingrane sine då ho prøvde å laga bølgelyd med handa. Eg tykte det var kaldt nok å ta bilete av det! Fine bilete vart det no då :) Dessutan gjekk me kafè seinare, drakk sjokolade og kaffi og tok opp kafèlydar. Kos! (Dette var då altså til bibelinnspelingsprosjektet me har i verdibørsentimane for tida.)



På onsdag var me på tur i skauen. Køyrde først ein tjue minuttars tid før me kravla oss opp og inn i skogen. Det var om kvelden og heilt mørkt ute, berre nokre få hadde lommelykter. Med tre rundt oss over alt og skiftande landskap var det nesten magisk og gå der. Fekk assosiasjonar til når eg var liten og sprang rundt i Nigarsskogen. Spesielt då nokon nemnte at landskapet minna om skogen i Bastogne i Band of Brothers, og byrja å ropa på medace og sånt.. :)

Men, altså, det som skulle vera ei ti minuttars vandring gjennom skogen før me kom til plassen der me skulle laga bål og grilla pølser, vart først ei eit kvarters vandring, så tjue minuttar, og så...ja, me gjekk kjempemykje lenger enn planlagt, for Roar fann rett og slett ikkje vegen. Me kom fram til slutt; målet var ein høg topp med benkar og fantastisk utsikt (men det var jo mørkt, så..). Roar tente bål, me blanda oss varm drikka, og skulle til å grilla, då me fann ut at ingen hadde tatt med pølsene...

Det ordna seg heldigvis då Frank var så snill og køyrde dei opp til oss, og Roar og Mats sprang for å henta dei. Imens sat me og haldt på å frysa i hel. Det var over ti minus ute. Etter pølsegrilling måtte me til med diverse aktivitetar for å ikkje døy heilt. Det var kjekt! Så gjekk me tilbake, den riktige vegen, og var attende på skulen ein og ein halv time seinare enn planlagt. Men finfin tur! :D



I helga var det også nydeleg ver, og etter eit interessant foredrag på laurdagen om Tinnitus (øyresus), skummel sak, nytta me høvet til å ta oss ein tur i sola. Det var kaldt. Igjen heldt me på å frysa i hel, kanskje ein idè å byrja å kle seg skikkeleg, og me måtte stoppa fleire gongar med andletet mot sola for å varma oss. Turen vart ikkje så lang, men det tok me igjen ved å ta oss ein tur på skøyter etter lunsj. Det er år og dag sidan sist no, kjempekjekt!

På kvelden var det årets kortaste elevkveld (omvendt jeopardy), så me rakk å få med oss siste delen av den norske Grand Prix-finalen. Krise! Kva er det folk tenkjer på (med)! Me kan ikkje senda ein spansk song som norsk innslag i Eurovision Song Contest! Det er jo så fjernt frå all logisk forstand, så bort i veggane at eg vert heilt flau! Eg håpar verkeleg at Noreg ikkje kjem vidare til hovudfinalen! For all del, Guri Schanke er utruleg dyktig både til å syngja og dansa, men kvifor kasta det vekk på ein slik Grand Prix-song?! Uuuææææ!

Fin helg elles. Sundag gjorde eg absolutt ingen ting fornuftig (bortsett frå kveldstankar). Herleg!

1 Comments:

At 2:47 p.m., Anonymous Anonym said...

Kjære Hanna! Veldig bra blogg, men jeg må få komme med en liten invendelse; trykkaksenten over e'en i kafé skal peke opp... :) Kafééé! :) Ellers er det veldig underholdene og koselig og følge med på bloggen din! Keep up the good work! Klem

 

Legg inn en kommentar

<< Home