onsdag, oktober 18, 2006

Guttekveld!

Etter fleire kveldar åleine ved kveldsmaten, kunne gutane endeleg gle seg til ein fantastisk fest, berre for dei, laga av oss jentene!

I posthylla fredag kveld, fekk dei ein stilig invitasjon til festen, med beskjed om å kle seg lett pynta og møta opp i gymsalen kvart på sju om kvelden dagen etter. Jentene hadde etter fleire kveldar med planlegging kome opp med eit program som var slik:

Då alle gutane var komne inn i gymsalen gjekk ljoset av. James Bond-musikken vart starta opp, og ut frå forskjellige krokar og dører kom jentene, kledd i svart og kvitt, smygande med hendene som pistolar. Etter å ha sirkla inn gutane og snurra rundt på golvet, ropte Anne Kristine "Attack!" Jentene gjekk til angrep, og bandt alle gutane for augo. Deretter ropte Kine "Follow me!" og dei vart leia ut og rundt omkring, før dei enda opp i den vakkert haustpynta matsalen. (Me har eit par lønnetre utanfor her som får slike nydelege fargar på denne tida, og dette har me visst å nytta fleire gongar.)

Sidan gutar trur me jenter er så kompliserte, hadde me laga i stand ein enkel festmiddag, og hamburgarane, potetchipsen, salaten og sjokolademousseen falt godt i smak. Under middagen var det også guttenes tale ved Vilde og Janna, der dei fortalde korleis me jenter ville dei skulle oppføra seg, og at me hata sjokolade over alt i verda. Og viss dei trudde at me vart sjarmert i senk av feite akkordar på gitaren eller pianoet, så hadde dei heilt rett i det!

Etter ein halvtimes (røyke)pause, var det tid for underhaldning i peisestova. Først på programmet var ein gjeng, inkludert meg, som framførte ei blanding av sangane "Sussebass" og "It's raining men". Deretter fulgte ulike leikar; Ole var den beste raparen (som i "pressa-ut-luft-av-halsen", Sondre var best til å gjera to ting på ein gong (synga "Bæ bæ lille lam" medan han skreiv ned adressa og telefonnummer), medan Henning var den beste sminkøren. Avslutninga var halvparten av jentene som dansa til "Call on me"... og det likte jo gutane godt..:)

Men endå var det ikkje slutt. No gjekk turen til klasserom S der det var tente ljos og madrasser på golvet. Ulrica, Vibeke og Vilde hadde underhaldning med song, fløyta og piano, og Tina hadde laga ein 15 minutters biletfilm frå den tida me har hatt saman til no. Utruleg koseleg! Kvelden vart avslutta med filmvisning på klasserom S (Die Hard) og x-box-turnering i tv-stova. Dei siste la seg, i halv fire-tida, var jenter, hekta på gitar-tv-speling. Men gutane var også nøgde med oppvartninga, og alt i alt var det ein særs hyggeleg og vellukka kveld!

Eg gler meg til det vert gutane sin tur... :D