torsdag, desember 14, 2006

Førjulsstemning i Gjøvik kirke

Eg overlevde! Og faktisk gjekk det over alle forventningar :)

Me reiste opp til kyrkja rett etter frukost på laurdagen, for å rigga opp og ha lydprøvar og generalprøve. Det gjekk relativt bra, og etter ein liten tur på by'n for å eta lunsj, var det klart for forestilling!

Herleg! Fantastisk! Og ikkje minst jolestemning! "Damekoret" opna med "Kling no klokka", deretter var det solosongar, klassiske innslag, og avslutning med "Carol of the bells" igjen ved "damekoret". Eit utval av songane som vart sunge er:

- Himlen i min famn x2-> Katrine, Ellen Marie
- Oh, holy night x2-> Maria L, Sigmund
- Himmel på jord -> Janna
- Jul -> Kiika
- Kaldt og mørkt og lite sol -> moi
- What child is this -> Maria K
- Sonjas sang til julestjernen -> Lene
- Have yourself a merry little christmas -> Vibeke
- Mariavisa -> Frøydis og Victoria
- Ave Maria -> Kiika
- Hark, the herald angels sing -> Victoria

Det gjekk så fantastisk bra for alle, og det var så veldig kjekt! Songen min også gjekk bra, eg song nokolunde reint, og fekk det nesten til slik som planlagt. Anne Kristine (som ville spela piano for meg) gjorde ein kjempejobb bak der, endå eg la inn ein ikkje planlagt pause. Og så song eg siste verset utan musikk bortsett frå ein sånn akkordavslutning på siste tonen min. Trur det vart fint :D

Han som kom seg sjølv oss gav.
Fekk ei krubbe og ei grav.
No bør me med gledeståre
gje han rom i hjarto våre!