mandag, desember 18, 2006

Vikheim U-kveld

På laurdag hadde Vikheim U elevkveld for oss på klasserom S. Fantastisk morosamt! Det heile byrja med framføring av julesongen dei hadde laga på elevkvelden til Vikheim 1, deretter song og dansa dei "Let me be your father christmas tonight". Me holdt jo på å le oss i hel, og eg vart litt frustrert for at Victoria ikkje hadde sagt at eg måtte ta med videokameraet mitt!

Så var det juletregang med songane "Jeg gikk meg over sjø og land" og "Så går vi rundt...". Me lagde det tre ringar rundt det stygge plastjuletreet til Vikheim U. På biletet kan du så vidt skimta kruna i toppen.. :)



Etterpå var alle samla i tv-stova (...)

og såg film Victoria hadde filma frå tidlegare i år. Hehe... Så var det valfri juledisco i klasserom S, der det gjekk vilt for seg (og så hadde me jo nettopp hatt swingkurs), eller tv-spel i tv-stova.

Og til slutt var det valfri sjåing av Love, actually i E-bolig. Men den har me nettopp sett, så det gadd eg ikkje. Eg byrja i staden å lesa litt i den nyaste Clive Cussler-boka eg kjøpte meg hin dagen. Kan du tenka deg, han har faktisk ungar!

1 Comments:

At 2:31 a.m., Blogger Ingebjørg said...

Hei!:D Tusen takk for kort, fekk det i posten i dag, so koslig!!!

Vell, fø da fyssta so må du oppgradera til beta blogger, viss det ik e det du allerede har... og so e eg ik heilt sikker på ka da va eg gjorde... viss du velge ein sånn ny template elle sånn, ein ny bakgrunn og so save, so kjem det opp mange nye alternativ viss du so trykke layout... trur eg... lykke til!:)
steike, e digg med ferie asso! ja, snøen e konge, men høyre rykte om at den godtast muligens ikkje ligg til jul....:( tristaste!! men velkommen heim skal du ve du og! god tur!:)

 

Legg inn en kommentar

<< Home