onsdag, februar 07, 2007

Viken Grand Prix

Kva skal eg sei? Årets tredje største happening, etter cabareten og den føreståande musikalen, tok stad laurdag 3. februar på Viken! I byrjinga var det få som meldte seg på, og det vart snakk om å avlysa heile greia... Anne Kristine hadde laga ein song, Melodi, som eg og ho skulle synga, og hadde skaffa band og øvd den inn og alt, og så skulle det ikkje bli noko av?! Heldigvis vart fristen utsatt. Folk vart forsikra om at det ikkje var så veldig seriøst, og til slutt hadde heile 11 "land" meldt seg på!

De må nok halda ut med eit par sidelengsbilete til, så lenge det ikkje går an å snu dei på denne maskina... Her er i alle fall Mari og Tina, dei flotte Grand Prix-konferansierane!

Eg og Anne Kristine var Sverige, men eg vart også ein del av Italia, då eg klarte å overtala Victoria, Frøydis, Ingunn og Katrine om å laga ein song til Grand Prix'en. Det var vanvittig mykje arbeid å finpussa den og øva inn. Siste veka brukte me kvart ledige minutt på songen, og den vart no bra til slutt. Me var på internett og fann italienske setningar som skulle seiast med innlevelse i byrjinga og på mellomspela, og me la også inn den fantastiske rap'en til Frøydis. Når det gjeld instrument spelte Katarina piano, me leigde inn Pietro Michelo på trommer, Vittoria Fiente spelte bass, Frederica spelte gitar, medan Ingbella og eg (Hanina Skierro) hadde vokalen.

Tre av mine kjære med-italienarar; Vittoria, Ingbella og Frederica (med gitaristane sitt teikn; H-grepet)!

Sjølv om sommerfuglane i magen var på god veg opp i halsen før me skulle opptre, gjekk det overraskande bra! Utanom slutten; det einaste me hadde fått til perfekt på øvingane måtte sjølvsagt gå heilt forferdeleg gale. Men eg trur ikkje det gjorde så stor forskjell på resultatet. (Me kom på tredje siste, men hadde seriøst fortent å komma høgare opp!)

Etter at Italia var ferdig måtte eg skunda meg ned i garderoben, skifta klede og kreppa håret. Dette førte til at eg dessverre gjekk glipp av dei fleste innslaga i Grand Prix-en og hadde litt problem med å stemma etterpå, men for at Sverige-innslaget skulle bli så bra som mogeleg var det naudsynt. Og det vart bra! Bortsett frå monitor, og ein stor mistanke om at eg sang surt ein del gongar. Men den vanvittig tøffe melodien til Anne Kristine fekk nok folk til å gløyma dette, for me fekk flest stemmer av publikum, og endte til slutt på ein fjerdeplass :D

Nokre av dei som ikkje deltok i Grand Prix fekk utdelt kvart sitt land dei skulle representera, og så gi poeng frå 1 til 12 til innslaga. Sverige fekk ein 12-ar, medan det høgaste Italia fekk var ein 8-ar... Syns Noreg fekk litt for mange 12-arar.

Her har eg då kreppa håret... Anne Kristine sa eg kledde det, medan ho berre såg rar ut, men eg er no ikkje heilt sikker...:p

Nei det var kjekt, utruleg kjekt! Etterpå var det Grand Prix -nachspiel på Vikheim 1, det vart litt fullt. Men eg vart ikkje så alt for lenge, utslitt som eg var etter øvinga den veka... Ei uforgløymeleg oppleving var det i alle fall. Håpar me får spelt inn songane, så kanskje du også får høyra dei ;)



Her ser de gruppa Mordi(!) frå Norge som då altså vann Grand Prix. Må innrømma at dei hadde ein bra song, men syns ikkje den var best! Dessutan skaffa dei seg sympatistemming då det på møtepunkt vart annonsert kven som skulle vera dommarar, og dei meinte at det vart urettferdig då ingen av dommarane likte rock...Ingen kunne jo la vera å stemma på dei då! :p ("Hæ? Dårleg tapar? Eg?!") Du kan forretsen sjå dei på youtube, med elendig lyd... http://www.youtube.com/watch?v=pHHWLjkKFIM

Freshman Year frå West Wisconsin, hadde spelt inn playback, brukte tulleinstrument, og song. Morosamt :)

Mad Distance, jenteband frå Vatikanstaten, hadde lært seg instrumenta for anledningen, den attituden, kul song og ein flott gitarsolo av Vilde!