torsdag, desember 28, 2006

Julemorgen

"Nå er det julemorgen..." osb, syng og spelar dei kvar dag kl 8 og halv 11 om morgonane no i romjula. Julemorgon har vore ei fantastisk oppleving for meg opp gjennom åra, og spesielt godt har eg likt dei spanande seriane i slutten av sendinga. No då eg har vorte eldre, er desse også dei einaste eg orkar å stå opp til.

Og så har eg jo alltid beundra Nissa og Elisabeth, dei kjekke programleiarane som har vore i julemorgen år etter år, og sang og spelte så fint, og var så koselege. Det var difor svært syrgjeleg då dei i forfjor var bytta ut med Jostein og Marianne!

Likevel, det gjorde ikkje så mykje etter kvart, eg vart van med dei, og dei var ikkje dei verste programleiarane (dessutan har Jostein gått på Viken...). Det var sjølvsagt ikkje heilt det same som Nissa og Elisabeth, men dei var flinke til å syngja og spela piano.

Men i år... Eg har ikkje fått med meg kva dei nye programleiarane heiter i.o.m. at eg berre står opp til den eine serien, men det eg har fått med meg er at dei aldeles ikkje kan spela piano, men derimot latar som! Piano, og diverse andre instrument! Det er jo fullstendig tullete, utan poeng, og særdeles skuffande!

Julemorgen er ikkje det same utan ein god pianist. Kvifor kan ikkje pianisten som verkeleg spelar, utanfor skjermen, vera programleiar i staden? Eller at dei har ein fast pianist som sit der ved pianoet. Å lata som er jo berre totalt patetisk!

Elles verkar dei faktisk heilt greie dei to karane som leier oss gjennom morgontimane. Eg lurer berre litt på kven av dei som er den kvinnelege delen av paret? For for å få eit optimalt show treng ein både kvinna og mannen, som utfyller og får det beste ut av kvarandre.

"Kor er alle heltar hen? Stå opp igjen!" Nissa og Elisabeth, kom tilbake! I mellomtida får eg berre passa på å slå på tv-en akkurat når "Jesus og Josefine" byrjar. Det programmet har forresten dødskul opningsmusikk, og er eit av dei få gode barnetvprogramma som er laga i seinare tid! Ha ei fortsatt god jol!

1 Comments:

At 1:37 p.m., Anonymous Anonym said...

KOnne ikkje sagt da bedre sjøl;)

 

Legg inn en kommentar

<< Home