tirsdag, desember 26, 2006

Jul, jul! Strålande jul!

Sidan eg kom heim allereie 20. desember, rakk eg å vera med på både vasking, baking, julehandel og juletrehogging. Det var forresten så vidt me fann eit brukbart tre i år, det vert mindre og mindre fine... Men pynta vart det på vetlejolaftan, før me såg grevinnen og hovmesteren :)

På jolafta song eg og Jon Anders i kyrkja. Eigentleg var det Kirsti og Jon Anders som skulle syngja, så spurte dei om eg ville vera med, så vart Kirsti sjuk, så då vart det berre meg og Jon Anders. Heile greia vart difor tatt veldig på sparket; eg måtte læra meg ein heilt ny song (Breathe of heaven, som for øvrig er kjempefin), og me fekk berre øvd ein halvtime i lag før gudstenesta. Gjekk sånn.., både opp og ned... :p

Elles har eg hatt ei fin jol med bestemor og bestefar på besøk, jolefrukost med heile familien hjå bestemor og bestefar, og middag hjå Gro +. Den har faktisk blitt ganske som den pleier, og hadde frykta at den ikkje ville bli det. Det einaste som verkeleg manglar, er snøen! Den forsvann vetlejolaftan... :(