torsdag, november 02, 2006

Brrr!

Ja, så har det gått ei heil veka igjen.. Skal me sjå, jau, snjoen på torsdagen forsvann ganske fort, faktisk same kveld.., men det har vore bra kaldt for det!

Fredag hadde jazz/pop/rock-lina konsert, og på kvelden såg me "Den grønne mil" i auditoriet.

Laurdag hadde me seminar om låtskriving med Ole Reinlund, og han hadde også konsert for oss seinare på kvelden. Etter det sat me og prata før me reiste ned til miljøarbeidarane, drakk, kakao, prata og såg full pakke 2. Eg la meg vel halv 2 (snudd tid...).

Sundag gjekk eg, Anna Nicoline, Sylvia og Kristine ein god tur, og då me kom tilbake hoppa eg og Kristine i Mjøsa! Det var kaldt, men ikkje så kaldt som eg trudde det skulle vera :)

Seinare spelte me fotball i snøver. Det vert så fort mørkt no for tida, ja, me har jo snudd klokka også. I alle fall; det var ein særs aktiv dag! Det var dessutan Mjøsheim sin tur til å få besøk av Nattakoret :).

Mandags morgon møter me ein smilande, sukkande Hanna H. som var så lukkeleg over å ha fått besøk av Nattakoret kvelden før. "E berre satt å smilte heile tiå!" Gjett kven som kjente seg att! *Sukk!* Same dagen kjøpte eg meg ny gensar og singlet i den fine, grønne fargen som kler meg så bra. Og så vaska me rommet vårt. Så øvde eg litt. Og så var det Sing Star nede hjå miljøarbeidarane.

Tirsdagen vakna eg opp til eit fantastisk syn: snø, snø, kvitt over alt, og det lava framleis ned og til langt ut på dagen! Elles gjekk dagen som vanleg, bortsett frå at eg holdt på å byrja å grina i sangtimen og at Heidi danselærar sat fast pga all snøen og kom ein time for seint. Stine hadde tøying og styrketrening med oss i staden. På Mudra går det bra, må berre få lært all tekst og melodi og sånn. Dessutan har eg høyrt skumle rykter om at me på Mudra skal få meir sentrale rollar snart...:O Og swingkurset er framleis like kjekt. Og nok ein fin tirsdag vart avslutta med Grey's Anatomy nede i E-boligen.

Onsdag fekk me vita at vokalgruppa måtte spela inn dei songane me ville ha med på turneen same dagen for å få dei med. Så det gjorde me, ikkje i studio, for det var opptatt, men på rommet til Ole som heldigvis hadde opptaksutstyr! Så øvde eg på jolesongen til interpretasjonstimen dagen etter, og halv ti var det "Min elleville ferie" nede hjå miljøarbeidarane.

Torsdag, er i dag, og det er strålande fint ver ute, men iskaldt. Den fine, nyinnkjøpte (billige) gradestokken min viste fem minus i dag tidleg! Interpretasjon, der eg song "Kaldt og mørkt og lite sol" gjekk faktisk relativt bra i dag :D Så har me fått vita kva som skjer neste veka med prøvar og gjennomkøyringar til turneen. Gler meg!