torsdag, oktober 26, 2006

Kommentar

Og så må eg berre nett påpeika at det er veldig lov å leggja att kommentarar i bloggen min! :D

Årets første snøfall

Først må eg berre fortelja at me hadde den nydelegaste soloppgangen her i går...!



Og så snør det, ja! For første gong i år. Riktig nok ganske våt, og den kjem vel til å forsvinna ganske fort, men me får nyta den så lenge den varer. (Kjem vel til å vera drittlei om tre-fira månadar uansett...) Her er nokre bilete av snjoen også..



Braaann!

Jepp, du las heilt riktig. Mellom seks og halv sju i dag tidleg vart eg vekt opp av den beste søvnen på lenge av ei særs høglytt jamring.

Først etter andre ulet skjøna eg at det var brannalarmen! Og då gjekk alt i ein forrykande fart. Eg og Anne Kristine kasta oss ut av sengene, treiv på oss buksa og sprang ut med jakka over skuldra. Me rakk også å ta på oss skoa i gangen, der me måtte Sif halvnaken med ei dyna rundt seg.. Me var dei første ute, men etter kvart kom dei andre og me stilte oss i rekker etter internat.

Praten gjekk livlig, og me høyrde skumle rykter om tjukk røyk nede på Vikheim U. Fire minutter etter at brannalarmen hadde byrja kom brannbilen susande. Og straks etter kom Svein springande; Var alle der? Kva?! Hadde Marianne og Ellen Iselin (som bur i Vikheim U) gått inn att på rommet?!?! Heldigvis viste det seg at det var vaktmester Stig som hadde bede dei om det, for at røykdykkarane skulle koma og finna dei... Ja, det var berre ei øving, med falsk røyk. Og tilsynslærar og elevar hadde ikkje visst om det.

Så fekk me gå inn att, men i løpet av den timen det var til me faktisk skulle stå opp, fekk me ikkje sova igjen. Då hadde det nesten vore betre om øvinga var klokka tre om natta. Men, men, det var no likevel ei spanande oppleving... :-D

onsdag, oktober 25, 2006

Rollespel

Mandag byrja dagen bra, med fira timar "rollespel". Me vart delt opp i to ulike kulturar og så skulle me senda to tre stykker på besøk til den andre kulturen for å sjå korleis dei levde. Det var heilt sprøtt, vilt! Og utruleg kjekt og spanande! Me skulle då prøva å finna ut kva reglar den andre kulturen levde etter.

Eg var med i ein meir kynisk, kapitalistisk kultur. For oss var det om å gjera å bytta til oss kort frå ein til sju i same farge. For å gjera dette måtte me først blinka til ein annan person og få eit blink tilbake. Deretter måtte du halda opp det kortet du ville tilby, og så forklara kva kort du ønskte. Dette vart gjort med eit kodespråk: For å forklara kva farge det skulle vera på kortet måtte du seia eit kva som helst ord som byrja på den same bokstaven som fargen (bling, gurke, gras, ratata).

For å formidla kva nummer du ønskte, måtte du bruka den første stavelsen i fornamnet og etternamnet ditt. Om eg skulle sei 5, hadde det vorte "ha-skje-ha-skje-ha", altså like mange stavelsar som det nummeret du ville ha. Om du ikkje hadde kortet det vart spurt etter, måtte du vifta med albogane, som i fugledansen. Hadde du kortet og var villig til å bytta, måtte du legga kinnet på skuldra di som positivt svar. Og så bytta ein. Kvar gong ein fekk full rekka leverte me den inn i banken og fekk ein sjokoladebit. Det var også premie til den som til slutt hadde fått flest rekker.

Alt dette var jo sjølvsagt totalt uforståeleg for dei besøkande frå den andre kulturen, slik me for rundt og blinka til kvarandre, vifta med armane og snakka relativt kaudervelsk. Det var difor eit fint høve for oss innfødde til å utnytta gjestene for å få tak i dei korta me trengde. Som besøkande hjå dei fekk me sjå at dei kom frå ein heilt annan kultur. Alle var blide, klemte kvarandre og samtalen handla mest om familien og store bragder. Familiemedlem av hankjønn vel og merka. Dei sat også og spelte eit slags kortspel og utveksla trebrikker, men var alltid like glade om dei vann eller tapte.

Dei var også venlege mot oss besøkande, starta gjerne ein samtale eller eit spel om treklossar, men plutseleg kunne dei endra oppførsel totalt og halda opp eit kort mot deg der det stod Stippler. Me i den andre kulturen ressonerte oss fram til at dette var på linja med å visa fingeren, men kvifor dei plutseleg viste fram kortet var uvisst. Me måtte ha gjort noko som fornerma dei.. Det hendte også at nokre av gutane våre vart kasta ut frå den andre kulturen. Heller ikkje dette hadde me noko forklaring på, men me fann ut at mange av dei hadde ulik rang.

Me fekk svara til slutt: I den framande kulturen var kroppskontakt svært viktig, også det å snakka om dei mannlege medlemma i familien og kva dei hadde gjort. Kortspelet var berre til forvirring, dei skulle berre vera like glade enten dei vann eller tapte. Tydinga til Stippler-kortet hadde me også gjetta riktig på, og dette fekk me sjå om me t.d. prata om kvinnelege familiemedlem eller viste det same kortet sjølv, uvitande av tydinga, t.d. når du var invitert med på kortspel. Ein annan ting var at kvinnene i kulturen var mennene sin eigedom, og menn frå vår kultur kunne ikkje snakka med kvinner utan at mennene hadde snakka til dei først og godkjent dei. Difor vart dei ofte kasta ut. Kulturen hadde også ein hovudsjef som mellom anna kunne innlemma framande i kulturen ved å ha ein sivilisert, høflig konversasjon med oss, etter deira reglar...

Jammen var det kjekt, ja! Me fekk mykje betre forståelsen av å vera ny i ein heilt framand kultur, og det var neimen ikkje berre berre. Og så var det særdeles morosamt å høyra etterpå korleis dei andre trudde vår kultur var... Ah, ei herleg oppleving eg vil anbefala til alle!

Foreldredag, villtur, innspeling, rollespel, fotball, øving, nattakor, banankaka, eventyr, swingkurs

Seriøst!
Det skjer så utruleg mykje for tida at eg rett og slett ikkje får tid til å skriva om det! I alle fall; eg var vel komen til foreldredagen, som gjekk utruleg fort! Mamma, pappa, Kirsti og Vegard kom i tolv-tida. Først var det kaffi, så var mamma og pappa på infomøte med vokalfordjupinga, medan eg, Vegard og Kirsti fann oss eit klasserom og spelte piano og sang.

Så var det vel lunsj, meir informasjon, og omvisning, før den store konserten. Den varte i ein og ein halv time og var mykje det same som huskonserten, berre at dei fleste banda gjorde det betre denne gongen, og det var jo bra! Deretter var det ein times pause før middag; herleg moussaka! Og så etter litt biljardspeling var klokka rundt ni og det var på tide for besøket å reisa. Me andre var dødstrøytte etter ein lang dag, og etter ei stund med prating i peisestova, gjekk me og la oss, før elleve.

Sundag var ein blanda dag. Den byrja flott, med ein fantastisk villtur som endte inn i skogen og utanfor Gjøvik kommune. Men me kom oss tilbake. Seinare skulle vokalgruppa mi i studio og spela inn "Hit the road Jack". Det gjekk så som så, og eg var skikkeleg deprimert ei stund etterpå. Men humøret kom seg att då Kveldstankergruppa mi gjekk ned i kostymelageret for å finna klede til vårt vesle bibeldrama. Fantastisk moro! Holdt på å le oss i hel! Kven har vel før sett eit esel med jakke, krøllete parykk, museøyre og rottehale?! Kvelden vart vellukka, og talaren Vetle hadde skaffa var flink. Og tru det eller ei; etterpå gjekk eg og Anne Kristine og la oss. (Kveldstanker var klokka kvart på ti den kvelden grunna fotballkamp på tv (Rosenborg-Brann 3-1 :-()).

Mandag:
- Byrja bra med fira timar "rollespel". Me var delt opp i to ulike kulturar og så skulle me senda to tre stykker på besøk til den andre kulturen for å sjå korleis dei levde. Det var heilt sprøtt, vilt! Og utruleg kjekt og spanande!
- Etter middag var me ein gjeng som spelte fotball ute. Eg trur det må vera den kjekkaste fotballkampen eg har spelt til no, det var så kjekt! Men litt over seks så vart det jo mørkt, og me måtte diverre gje oss.
- Men dagen var ikkje over endå, etter eit par timar med vellukka øving, var det kveldsmat. Me vart sitjande der ei stund, og prata mac og Football Manager. Deretter gjekk me ut i ein sofa tre-fira av oss og prata litt.
- Mellom halv elleve og elleve gjekk eg og Anne Kristine og la oss etter eit par mindre diskret hint frå
"Nattakoret"
Ikkje lenge etter at me var kome opp på rommet og hadde byrja å gjera oss i stand til å sova, banka det på døra. Eg opna døra. Utanfor stod omlag ti spente gutar.
Eg sa dei måtte venta litt, for Anne Kristine var framleis på badet. Eg gjekk inn igjen og dei lot att døra. Då Anne Kristine kom ut opna ho døra igjen... Og inn kom dei, med den vakraste humminga du kan tenkja deg! Dei slokte alle ljos, og hadde sjølv med seg to store kubbeljos frå matsalen.
Det var så nydeleg og dei song så fint, og eg var så overvelda at eg ikkje lenger hugsar kva songar dei sang. Men firstemt var det i allefall, og Sigurd hadde med seg stemmegaffelen sin så dei fekk tonane. Eg trur forresten det var tre songar, berre den siste hugsar eg , då dei hadde dikta ny tekst til "Laudate omnes gentis":
Sov godt du vakre pike,
sov godt og fall til ro...
Deretter gjekk dei nynnande ut medan dei alle saman gav oss ein "god natt"-klem.
Igjen i rommet sat eg og Anne Kristine i kvar vår seng og berre gliste. Kvein litt gjorde me også. Det var rett før me var rørte til tårer begge to, og no visste me ikkje heilt kvar me skulle gjera av oss. Eg må berre sei at dette var noko av det mest fantastiske eg har opplevd i heile mitt liv! Og med dette kjem eg med ei oppfordring til alle gutar rundt om i verda om å ta initiativ til det same; gi jentene eit minne for resten av livet!
Så det var den fantastiske mandagen :)
Tirsdag byrja som vanleg med vasketime, og timen etterpå hadde eg tenkt å vaska badet på rommet vårt. Dette vart imidlertid effektivt hindra då Karen kom innom og baud oss på banankaka på rommet til henne og Tina. Det endte opp med meg, Anne Kristine, Sigmund, Sigurd, Tina og Karen der inne, fråtsande i banankaka, sjokolade, kokosgodt og kakao, medan me las eventyr om "Den flyvende kuffert" og "Stoppenaalen" frå Karen si eventyrbok (som då var skriven på dansk). Det var utruleg koseleg!
Så var det vanlege timar resten av dagen. Det vil sei, til halv sju. Og når nybyrjarkurset i swing då byrja klokka seks, og det var der dei fleste frå skulen hadde tenkt seg, så var det klart det var litt irriterande. Det var eit kurs for vidarekomne etter det første kurset. Eg var veldig i tvil om eg var klar for det endå, men eg hadde veldig lyst til å dansa, så eg tok no med meg danseskoa og gjekk opp for sjå.
Eg ante ikkje kor det var, og å følgja kartet eg hadde tatt ut frå internett var ikkje heilt lett. Så det som skulle vera ein ti minutters tur vart til minst 20. Men eg fann no fram og fekk med meg slutten av nybyrjarkurset til dei andre. Det såg veldig kjekt ut, og dei klarte å overtala meg til å gå på det andre kurset. Heldigvis kom også Stine og var med på det. Eg er glad eg gjekk, det var veldig kjekt, og ikkje noko spesielt vanskeleg. Det vert nok sikkert fleire turar opp der, ja :-)
Nede på skulen igjen tok eg meg ein velfortent dusj før kveldsmaten, og deretter vart dagen avslutta med "Grey's Anatomy", som dei fleste jentene her ser på, i tv-stova. Eg sovna med ein gong eg la meg den kvelden!

mandag, oktober 23, 2006

Fritt vilt

Hei sann, nesten ei veka sidan sist no! Og mykje har skjedd... Skal me sjå, fredag var det huskonsert, i fira timar, med middagspause heldigvis. Det var mykje bra, spesielt Katrine m/band (Decadence), og MUFO 2 (?)-bandet med Peaceful. Utruleg kult!

Seinare på kvelden reiste eg, Silje, Ingunn og Sveinung på kino og såg "Fritt Vilt". Bra film, veldig skummel. Trur eg aldri har snakka så mykje under ein film nokon gong, det er nesten skammeleg, men litt forståeleg i og med at det var Silje eg sat attmed...:D Likte rulleteksten forresten: "All my friends are dead! All my friends are deeeaaaad!! Hehe...

To be continued...

onsdag, oktober 18, 2006

Viken










http://www.viken.fhs.no

Anbefalast...

Guttekveld!

Etter fleire kveldar åleine ved kveldsmaten, kunne gutane endeleg gle seg til ein fantastisk fest, berre for dei, laga av oss jentene!

I posthylla fredag kveld, fekk dei ein stilig invitasjon til festen, med beskjed om å kle seg lett pynta og møta opp i gymsalen kvart på sju om kvelden dagen etter. Jentene hadde etter fleire kveldar med planlegging kome opp med eit program som var slik:

Då alle gutane var komne inn i gymsalen gjekk ljoset av. James Bond-musikken vart starta opp, og ut frå forskjellige krokar og dører kom jentene, kledd i svart og kvitt, smygande med hendene som pistolar. Etter å ha sirkla inn gutane og snurra rundt på golvet, ropte Anne Kristine "Attack!" Jentene gjekk til angrep, og bandt alle gutane for augo. Deretter ropte Kine "Follow me!" og dei vart leia ut og rundt omkring, før dei enda opp i den vakkert haustpynta matsalen. (Me har eit par lønnetre utanfor her som får slike nydelege fargar på denne tida, og dette har me visst å nytta fleire gongar.)

Sidan gutar trur me jenter er så kompliserte, hadde me laga i stand ein enkel festmiddag, og hamburgarane, potetchipsen, salaten og sjokolademousseen falt godt i smak. Under middagen var det også guttenes tale ved Vilde og Janna, der dei fortalde korleis me jenter ville dei skulle oppføra seg, og at me hata sjokolade over alt i verda. Og viss dei trudde at me vart sjarmert i senk av feite akkordar på gitaren eller pianoet, så hadde dei heilt rett i det!

Etter ein halvtimes (røyke)pause, var det tid for underhaldning i peisestova. Først på programmet var ein gjeng, inkludert meg, som framførte ei blanding av sangane "Sussebass" og "It's raining men". Deretter fulgte ulike leikar; Ole var den beste raparen (som i "pressa-ut-luft-av-halsen", Sondre var best til å gjera to ting på ein gong (synga "Bæ bæ lille lam" medan han skreiv ned adressa og telefonnummer), medan Henning var den beste sminkøren. Avslutninga var halvparten av jentene som dansa til "Call on me"... og det likte jo gutane godt..:)

Men endå var det ikkje slutt. No gjekk turen til klasserom S der det var tente ljos og madrasser på golvet. Ulrica, Vibeke og Vilde hadde underhaldning med song, fløyta og piano, og Tina hadde laga ein 15 minutters biletfilm frå den tida me har hatt saman til no. Utruleg koseleg! Kvelden vart avslutta med filmvisning på klasserom S (Die Hard) og x-box-turnering i tv-stova. Dei siste la seg, i halv fire-tida, var jenter, hekta på gitar-tv-speling. Men gutane var også nøgde med oppvartninga, og alt i alt var det ein særs hyggeleg og vellukka kveld!

Eg gler meg til det vert gutane sin tur... :D

Ah!

Må berre innrømma at det har vorte lite tid på dataen i det siste, det skjer så utruleg mykje for tida, og Østfold-turneen vår nærmar seg faretruande! Men først er det då huskonsert på fredag, og foreldredag på laurdag. Både mamma og pappa og to til kjem..:)

No får me nesten til "Hit the road Jack" på vokalgruppa, men me synk noko så grasalt kvar einaste gong! Irriterande er det! Skal øva klokka seks igjen då, så får me sjå..



Veret er for augneblinken særdeles dårleg. Men fine soloppgangar har me no hatt. Biletet er teken frå vindauget på rommet mitt.. Etter tre, fira iskalde dagar har det no gått over i høljregn. Nokon snakte om at det snart skal byrja å snjoa, men det er jo berre fint. Gler meg til vinteren, og alle her gler seg noko sinnsjukt til jul!!! Me må verkeleg ta oss sjølv i nakken for ikkje å byrja å synga julesongar om dagane..

På sundag er det mi gruppa sin tur til å ha kveldstankar, me planlegg litt sånn bibelquiz med å mima ulike situasjonar og slikt. Det er fint med dei kveldane. Håpar me får tak i nokon som kan sei noko fornuftig også. Elles så lærte me eit nytt bibelvers forrige sundag, inntil klappinga til "We will rock you":

Jeg vil lære deg og vise deg
den veien du skal gå,
mine øyne hviler på deg
og gir deg råd!
Salme 32 vers 8

Det var kult, og eg hugsar det framleis! ;-)

Elles er humøret i dag veldig bra. Eg har til og med fått skrive eit brev. Og så kom avsløringa på siste veka sitt "hemmeleg ven"-prosjekt! Andreas hadde blitt veldig glad for lappane mine og sangen eg dikta til han, så det var kjekt! Det var Frøydis som hadde meg, og eg fekk eit par fine ting hjå henne som gjorde meg veldig glad :)

Men no må eg springa for å øva med vokalgruppa.

IBB!

mandag, oktober 09, 2006

Klikkk!

Det er bortimot det verste eg veit, når dataen klikkar og den lange teksten eg har skrive forsvinn! Så fisketuren eg hadde tenkt å skriva om (skreiv om) får venta til eg er i litt betre humør.


Elles er haustferien over og eg er tilbake på Viken etter nok ein laang togtur. Boka las eg ut på fira timar... Det var fint å vera heima, og eta masse god mat (les: Hjortegryta og blåbærgraut, og ikkje minst pizza!) Men det er bra å vera på Viken att! Me såg "Hotel Rwanda" på verdibørsen i dag. Bra film, fæl hending. Vert stilig å laga rettsak, då :-) Elles har me byrja å planleggja kveld for gutane på laurdag, kan bli spanande.. Og eg har bestemt meg for å behalda danseskorne, i håp om at dei vidar seg ut litt.

I dag var det rett og slett iskaldt ute! Eg trur eg må gå til innkjøp av ein gradestokk for å halda auge med det. Eg gjekk til og med med på å slå på panelomnen på rommet i dag! Håpar me framleis kan ha vindauget ope om natta.. :-p Må snart gå til innkjøp av vinterklede og sko. Apropos; kvifor måtte mamma gi meg ein gensar som må handvaskast! :-p Og no må eg hugsa å kjøpa vaskepalettar så eg får vaska dei andre kleda mine.

søndag, oktober 01, 2006

Samanristingstur


Turen gjekk til Røde kors sin leirplass, Merket, i Tisleidalen i Valdres. Etter ein to timars lang busstur var me framme og innkvarterte oss på rom med betre standard enn dei på internatet.. Litt seinare vart matpakka fortært, medan dei som var raskast til å eta suste rundt i tråbilane på plassen der.

Første aktivitet var eit strategispel, kalla Stratego, som eigentleg er eit brettspel, der me skulle springa rundt med forskjellig status og leita etter den personen som bar flagget, medan me tok kvarandre. Nokre av titlane var genaral, kaptein, løytnant, speidar og sjølvmordsbombar..:) Var gøy! Mitt lag vant for det meste..

Om kvelden var det tro og tvil-grupper. Me sat rundt bål i Vikingland og diskuterte kva me trudde. Var veldig interessant, og me kom litt tettare på kvarandre, me i Go'fot-gruppa. Etterpå var det suppe og rundstykker varma på bål i hovudhuset i Vikingland. Vanvittig koseleg!

Dagen etter kunne me velga mellom sykkeltur, vandretur eller gåtur. Gåturen vart flytta til ein annan stad grunna dårleg ver, men også då me besteig fjellet Maukalaus, var utsikten null og niks grunna skodda. Me kompenserte opplevelsen med utsikt ved å dansa OL-floka og andre ringleikar/dansar. Fantastisk kjekt!

På veg tilbake kunne me velga mellom lang og kort veg. Den lange innebar elvehopping og fjellklatring før me slo oss i lag med syklistane ved jettegrytene. Var godt å koma tilbake til pizza og gele! Om kvelden var det tro og tvil igjen, men også "speakers corner" der alle kunne stilla seg på ei bruskassa og fortelja om kva dei trudde på. Gjekk litt treigt i byrjinga, men etter kvart skulle me ynskja det hadde vart lenger. Så var det kaffi og kaker før "1000 MOH" (musikk og helse-valfaggruppa) skulle ha konsert for oss. Det var utruleg fint og rørande, flott avslutning på kvelden.

Så var det endeleg duka for å bestiga Skogshorn! Etter å ha venta nokre timar i håp om at skodda skulle letta (noko den ikkje gjorde), sette me oss i bilane og køyrde ein halvtime innover på Golsfjellet. For å sei det kort steig me 800 m på 4 km gange. Det var braaaatt, men med eit passe jamnt tempo kom no eg og Hanna H. oss opp, berre 20 min etter dei sprekaste! Og på toppen så var jammen den tunge gåinga verdt det. Skodda letta endeleg, og for ein utsikt!

På nedtur trilla me nesten halve vegen, og lårmusklane fekk brynt seg skikkeleg. Men me kom oss no ned, der mora til eine miljøarbeidaren, som har støl der oppe, venta på oss med nydelege kvikaker og saft og det me måtte attrå. Diverre var eg så mett etter nista at eg berre fekk trykt i meg ei..

På middagsmenyen den dagen stod kalkun, med is til desert.. Kan ikkje klaga på kosten i alle fall. Så var det tro og tvil; "speakers corner". Vart også i kveld avbrutt lenge før det hadde vore naudsynt. Kveldsmaten var pinnebrødsteiking i Vikingland, og etter kvart også indrefilet med brødplettar, løk og champignon. Koooseleg! Me satt der oppe til klokka var nærmare 12.

Var bra stiv dagen etter.. Heldigvis var dagens program for meg berre crosscart. Var kjekt, og vått, me måtte spyla søla av kvarandre etterpå.. Så var det tid for vasking og heimreise etter ei fin avslutning i Vikingland. Sov nesten heile turen tilbake...:)

Ferie!

Jah, så var det ferie!
Godt å vera heima på Voss ei stund. Fint ver i dag, men vert vel bortimot også den einaste fine dagen i ferien? Passar eigentleg fint, for pappa har sagt me skal fiska..! :D

I går kjøpte eg og mamma nye gardiner til rommet mitt (som var totalforandra då eg kom heim). Dei var kjempefine, men diverre litt for ljose. Eg føretrekker litt mørkare..:p

I alle fall fekk eg pizza i går. Herleg!