torsdag, desember 28, 2006

Det kjem snø!



Dette er gladnyhendene for dei neste dagane på Gjøvik! Det vil vera snø der når eg kjem tilbake!!! :D


http://www.met.no/oppland/gjovik.html?steder

Julemorgen

"Nå er det julemorgen..." osb, syng og spelar dei kvar dag kl 8 og halv 11 om morgonane no i romjula. Julemorgon har vore ei fantastisk oppleving for meg opp gjennom åra, og spesielt godt har eg likt dei spanande seriane i slutten av sendinga. No då eg har vorte eldre, er desse også dei einaste eg orkar å stå opp til.

Og så har eg jo alltid beundra Nissa og Elisabeth, dei kjekke programleiarane som har vore i julemorgen år etter år, og sang og spelte så fint, og var så koselege. Det var difor svært syrgjeleg då dei i forfjor var bytta ut med Jostein og Marianne!

Likevel, det gjorde ikkje så mykje etter kvart, eg vart van med dei, og dei var ikkje dei verste programleiarane (dessutan har Jostein gått på Viken...). Det var sjølvsagt ikkje heilt det same som Nissa og Elisabeth, men dei var flinke til å syngja og spela piano.

Men i år... Eg har ikkje fått med meg kva dei nye programleiarane heiter i.o.m. at eg berre står opp til den eine serien, men det eg har fått med meg er at dei aldeles ikkje kan spela piano, men derimot latar som! Piano, og diverse andre instrument! Det er jo fullstendig tullete, utan poeng, og særdeles skuffande!

Julemorgen er ikkje det same utan ein god pianist. Kvifor kan ikkje pianisten som verkeleg spelar, utanfor skjermen, vera programleiar i staden? Eller at dei har ein fast pianist som sit der ved pianoet. Å lata som er jo berre totalt patetisk!

Elles verkar dei faktisk heilt greie dei to karane som leier oss gjennom morgontimane. Eg lurer berre litt på kven av dei som er den kvinnelege delen av paret? For for å få eit optimalt show treng ein både kvinna og mannen, som utfyller og får det beste ut av kvarandre.

"Kor er alle heltar hen? Stå opp igjen!" Nissa og Elisabeth, kom tilbake! I mellomtida får eg berre passa på å slå på tv-en akkurat når "Jesus og Josefine" byrjar. Det programmet har forresten dødskul opningsmusikk, og er eit av dei få gode barnetvprogramma som er laga i seinare tid! Ha ei fortsatt god jol!

tirsdag, desember 26, 2006

Jul, jul! Strålande jul!

Sidan eg kom heim allereie 20. desember, rakk eg å vera med på både vasking, baking, julehandel og juletrehogging. Det var forresten så vidt me fann eit brukbart tre i år, det vert mindre og mindre fine... Men pynta vart det på vetlejolaftan, før me såg grevinnen og hovmesteren :)

På jolafta song eg og Jon Anders i kyrkja. Eigentleg var det Kirsti og Jon Anders som skulle syngja, så spurte dei om eg ville vera med, så vart Kirsti sjuk, så då vart det berre meg og Jon Anders. Heile greia vart difor tatt veldig på sparket; eg måtte læra meg ein heilt ny song (Breathe of heaven, som for øvrig er kjempefin), og me fekk berre øvd ein halvtime i lag før gudstenesta. Gjekk sånn.., både opp og ned... :p

Elles har eg hatt ei fin jol med bestemor og bestefar på besøk, jolefrukost med heile familien hjå bestemor og bestefar, og middag hjå Gro +. Den har faktisk blitt ganske som den pleier, og hadde frykta at den ikkje ville bli det. Det einaste som verkeleg manglar, er snøen! Den forsvann vetlejolaftan... :(

Utbytte etter jolaftan 2006

- kvit strikkegensar med svart mønster (kjempefin!)
- bolero x2
- brunt fletta lær(?)belte
- sennepsgul veska
- bok: Forhandleren, Dee Henderson
- bok: Løvekvinnen, Erik Fosnes Hansen
- bok: Segelfoss by, Knut Hamsun
- blå keramikkfat
- blå keramikkskåler
- kniv
- gaffel
- skei
- teskei
- smykke
- telysholdar
- hjartesjokolade (kvit)
- film: Disneyklassikar; Den lille havfruen
- film: Disneyklassikar; Tarzan
- film: Disneyklassikar; Atlantis
- film: Leon
- sengeteppe
- pynteputetrekk
- 200 kroner
- familiepresang: spørrebok
- familiepresang: konfekt
- kalender!

Over alle forventningar! :D

Juleavslutning

Så hadde eit halvt år gått og det var klart for ei lita avslutning før jol. Denne inneholdt først ein herleg middag, med BÅDE ribbe OG pinnekjøt :) Heldigvis! No fann eg ut kva ribbe var også... Med riskremsaus til desert var julemiddagen komplett! Lærarane hadde dessutan kledd seg ut som kelnarar og gjekk rundt og varta oss opp. Herleg!



Deretter var det bilettaking, og så var det litt bilettaking, deretter var det bilettaking, før me vart send inn i peisestova. (Me hadde jo alle kledd oss opp i finstasen, så bilettaking var absolutt naudsynt!


I peisestova var det diverse underhaldning, song og musikk, og tru det eller ei; Andreas S. fortalde heile Snikker Andersen-historia ordrett til oss, utan bok, og med dialekt! Vikhheim U måtte også framføra julesangen dei vann med i julesongkonkurransen, medan Mjøsheim B (surprise) vann juletekjøkkenkonkurransen. Kvelden vart avrunda med kaker og vilter juletregang.


Også dei siste kapitla av julemysteriet vart lesne, og Elisabeth kom fram til slutt. Halv eitt om kvelden kom eg og Victoria på at me hadde gløymt å be Ole om å brenna songane vokal hadde spelt inn, på ein cd! Me ringte til han og han sa han skulle sjå kva han fekk gjort. Til mi store glede låg cd-en ute i gangen dagen etter :D Opptaket var derimot ikkje så bra som eg hadde håpa... men greit nok. Tidleg om morgonen reiste eg heim, for å feira jol der :)

GOD JOL!

mandag, desember 18, 2006

Vikheim U-kveld

På laurdag hadde Vikheim U elevkveld for oss på klasserom S. Fantastisk morosamt! Det heile byrja med framføring av julesongen dei hadde laga på elevkvelden til Vikheim 1, deretter song og dansa dei "Let me be your father christmas tonight". Me holdt jo på å le oss i hel, og eg vart litt frustrert for at Victoria ikkje hadde sagt at eg måtte ta med videokameraet mitt!

Så var det juletregang med songane "Jeg gikk meg over sjø og land" og "Så går vi rundt...". Me lagde det tre ringar rundt det stygge plastjuletreet til Vikheim U. På biletet kan du så vidt skimta kruna i toppen.. :)



Etterpå var alle samla i tv-stova (...)

og såg film Victoria hadde filma frå tidlegare i år. Hehe... Så var det valfri juledisco i klasserom S, der det gjekk vilt for seg (og så hadde me jo nettopp hatt swingkurs), eller tv-spel i tv-stova.

Og til slutt var det valfri sjåing av Love, actually i E-bolig. Men den har me nettopp sett, så det gadd eg ikkje. Eg byrja i staden å lesa litt i den nyaste Clive Cussler-boka eg kjøpte meg hin dagen. Kan du tenka deg, han har faktisk ungar!

Vikenvokalistane på turnè!

Forrige veka var ei spanande veka for vokalelevane på Viken! Mandag var det generalprøve og tirsdag, onsdag og fredag var me på tre ulike skular og framførte vårt julereportoir (nei, korleis er det du skriv det?!) . Damekoret framførte sine tre songar: "Kling no, klokka", "Carol of the bells", og "Last christmas" (som me no også hadde koreografi til, kjempemorsomt! Ding, dang, dong!).

Vokalgruppesongar var "Deck the halls", "Gospel medley" og "Winter wonder land" (den var eg med på). "Joy to the world" og "En krybbe" var vuggen" vart kutta ut, for me song ikkje reint nok! Eg vart litt sur for det :p I staden vart det putta inn nokre solosongar frå konserten me hadde i Gjøvik kirke.

Konsertane gjekk bra dei! Folk klappa, og lo av "Last christmas"-koreografien vår, så :). Ein ganske vellukka miniturnè!

Julevaskedag

Hei og hå!

Nok ein fantastisk nydeleg soloppgang i dag tidleg, og minusgrader ute! :)

I dag var det rett og slett julevaskedag etter møtepunkt klokka 8. Det skal det også vera i morgon. Men i dag var det altså peisestova som stod for tur for min og Anne Kristine sin del (pluss nokre til). Det var ein del å vaska (det skulle gjerast skikkeleg no, inni peisen og slikt), og skite var det, men det var kjekt når me fekk musikk over pa-anlegget som stod der etter kveldstankar i går, og me hoppa og dansa medan me vaska. I alle fall eg... :D

I går hadde me kveldstankar, ja, mi gruppa som planla. Me hadde eigentleg tenkt å laga ei sånn morosam dramatisering som me gjorde første gongen, av juleevangeliet, men fann ut at me fekk ikkje tid. Så det vart lesing av juleevangeliet i staden (eg las det, på nynorsk(!), saman med Victoria som var englar og gjetarar), og julesongar, og Vetle snakka ei lita stund. Eg og Victoria var også forsangarar og hadde mikrofon. Det var litt skummelt, for me hadde ikkje monitor! i alle fall avslutta me med å reisa oss og synga "Deilig er jorden", med vrenggitar, synthorgel og modulering på siste verset! :D

I går hadde miljøarbeidarane sin siste inspeksjonsrunde på tekjøkkena. Me hadde no pynta for harde livet, og fekk det skikkeleg koseleg også! Så fekk me besøk, og me sat og prata litt med dei. Etterpå fekk me vita at dei andre internata hadde store opplegg for dei, som grautfest, juleevangeliedramatisering og hadde dikta song og kledd seg som nissar. Jaja, me hadde vel aldri dei store forhåpningane om å vinna. Vinnaren vert forresten kåra i morgon. Eg syns me, Vikheim 2, burde få ein spesialpris for beste utvikling, og beste resultat ut frå forutsetnadane og personsamansetnad på internatet.. :D


Elles har me byrja å lesa to kapittel om dagen i Julemysteriet, for å verta ferdige før me reiser... Det er nesten dødssynd, men diverre naudsynt. I dag fekk eg trekka sokken min! Det måtte også sju andre...:p

På laurdag var det swingkurs, det var kjekt! Gutane våre var relativt flinke også! ;)

Åh! tullemaskin som ikkje vil legga inn fleire bilete! :PPPPP

Og i dag sa Hanna H. til meg at broren hennar satt fast på Voss pga snø. Eg måtte straks senda melding til Kirsti for å sjekka om dette var sant! Og det var det, til mi store glede! Her på Gjøvik er det berre frost endå... jaja, to dagar til eg er heima, no!

torsdag, desember 14, 2006

Juletekjøkkenkonkurranse

Juhu! Det er snart jol! Og snøen har ikkje kome endå... :( Men det har slapsa litt i natt då.. Me har i alle fall endeleg byrja å pynta tekjøkkenet vårt til jol! Ikkje at me har så stort håp om å vinna juletekjøkkenkonkurransen, det er litt for få engasjerte på internatet vårt til det, men det har no betre seg atskillig sidan for ei veke sidan, då det var stappfullt av datamaskiner der inne. Minst 9 stk var rigga opp der inne, og linka saman, og så satt dei der og spelte CS. Sundag kasta me dei ut, rydda, vaska, og byrja å laga det koseleg. Me tok også ein liten handlerunde i går, og no ser det ganske bra ut :)

Me har strengt tatt ikkje hatt så mykje tid til pynting og slikt tidlegare. Cabareten har tatt masse tid og krefter, og slik såg timeplanen min ut forrige veka (biletet nedanfor). Den øvste timen byrjar kl 8, og den nedste sluttar kl 9... puh!



Men slik er altså tekjøkkenet til Vikheim 2 for augneblinken :)

Dei tingene i vinduet er forresten på rommet til meg og Anne Kristine, og eg har hekla dei sjølv! Lærte det på heklekurset :D Det er mange som har blitt litt hekta på hekling og strikking i det siste...

Denne stjerna heng på rommet vårt i lag med hekledingsane mine :)

Backstage





Fengslende cabaret fra Viken


Dette var biletet som gjekk over to sider i Oppland arbeiderblad etter første forestillinga vår, tatt frå utførelsen av Cell Blokk Tango. Eit anna bilete hadde til og med kome på framsida!

"Fengslende kabaret fra Viken
De er unge, de er dyktige og de liker å spille teater. Slikt blir det en god forestilling av.

Som perler på en snor kommer de, høydepunktene fra kjente musikaler og musikkfilmer. Den ene sangen og dansen går over i den neste, en gang iblant avbrutt av en sketsj. Kabaretforestillingen er det nærmeste elevene ved Viken folkehøgskole kommer en juletentamen, og den må helt klart kalles bestått."

Les meir/sjå bilete på: http://www.oa.no/Kultur/article2458992.ece

Etter fleire veker med hardt arbeid, særskild siste veka før cabareten, var dette ei særs kjekk tilbakemelding å få. Og eg trur me var godt nøgde sjølv også, og ikkje minst vår kjære musikallærar Gro Ann Uthaug :D

Innhaldet i cabareten var:

- I dreamed a dream (Les miserables) -> solo Anna Nicoline
- Riot in cell blokk nr. 9 (Blues Brothers) -> dans av musikal, mudra og dans valfag, solo Rikard og Stine
- Cell blokk tango (Chicago) -> musikal og mudra
- Mein Herr (?) -> solo Tina + musikal, ("A tiger is a tiger, not a lamp! Mein Herr..!")
- Jail house rock -> dans av musikal, mudra og dans valfag, solo Sondre
- Stars (Les miserables) -> solo Sigmund

- Dei ser kvarandre, går forbi kvarandre (dikt) -> musikal
- Take that look off your face (?) -> solo Sif + musikal
- Sketsj (Elg vart rein, så då var det gjort, haha) -> Ellen Marie, moi, Nanna
- Regn (dikt) -> musikal og mudra
- Raindrops keep falling on my head (?) -> solo Kine

- Singing in the rain (Singing in the rain) -> musikal
- Good morning (?) -> solo Sintija + Stine og Tina
- Wouldn't it be loverly (My fair Lady) -> solo Mari + musikal, mudra og dans valfag

Eg var med på dei to dansane. I "Cell Blokk Tango" var eg halvnaken fengsla morderinna med vilt blikk bak gitteret, saman med resten av mudra. Så var det sketsjen, ja... I regndiktet var eg med, og hadde eigen replikk: "En er en" :D Og til slutt var eg kar i "Wouldn't it be loverly", der eg også hadde ein replikk: "Men, har du drømmer så vil du vel på ferie! Kor skal reisa gå då?!" Du ser meg på eit av bileta i Oppland arbeiderblad... ;) Og på heimesida til Viken er det sjølvsagt også ein del bilete!


Nei, det var fantastisk kjekt! Og sjølvsagt var det full sminking og alt. Lyset var jo heilt fantastisk på scenen. Hadde nok leigd inn ein del, ja. Synd det var over etter berre to forestillingar. Men til våren vert det "Annie"!

Over er det nokre bilete frå backstage... :D

Førjulsstemning i Gjøvik kirke

Eg overlevde! Og faktisk gjekk det over alle forventningar :)

Me reiste opp til kyrkja rett etter frukost på laurdagen, for å rigga opp og ha lydprøvar og generalprøve. Det gjekk relativt bra, og etter ein liten tur på by'n for å eta lunsj, var det klart for forestilling!

Herleg! Fantastisk! Og ikkje minst jolestemning! "Damekoret" opna med "Kling no klokka", deretter var det solosongar, klassiske innslag, og avslutning med "Carol of the bells" igjen ved "damekoret". Eit utval av songane som vart sunge er:

- Himlen i min famn x2-> Katrine, Ellen Marie
- Oh, holy night x2-> Maria L, Sigmund
- Himmel på jord -> Janna
- Jul -> Kiika
- Kaldt og mørkt og lite sol -> moi
- What child is this -> Maria K
- Sonjas sang til julestjernen -> Lene
- Have yourself a merry little christmas -> Vibeke
- Mariavisa -> Frøydis og Victoria
- Ave Maria -> Kiika
- Hark, the herald angels sing -> Victoria

Det gjekk så fantastisk bra for alle, og det var så veldig kjekt! Songen min også gjekk bra, eg song nokolunde reint, og fekk det nesten til slik som planlagt. Anne Kristine (som ville spela piano for meg) gjorde ein kjempejobb bak der, endå eg la inn ein ikkje planlagt pause. Og så song eg siste verset utan musikk bortsett frå ein sånn akkordavslutning på siste tonen min. Trur det vart fint :D

Han som kom seg sjølv oss gav.
Fekk ei krubbe og ei grav.
No bør me med gledeståre
gje han rom i hjarto våre!