søndag, september 24, 2006

Mosik

Åh, Narniafilmmusikken er heilt fantastisk!
(http://media.putfile.com/fkvizz1)


Elevkvelden i går gjekk kjempebra! Me måtte vera på rom S grunna konfirmasjon i peisestova, så me la inn madrasser og tente stearinlys, trur folk koste seg. Holdt på å le oss i hel av "Kånehank"-leiken! Åh, det var morosamt!!! Skulle seriøst ha filma det..:D



Elles er kjenslene mine for denne dagen særdeles delte... Årsaka til dette er at "Stjerner i Sikte"- finalen på Gjøvik-Marken og siste Star Wars-filmen etter eit langt maraton (minus film to) er samstundes i dag! Krise! Må jo på SiS sidan me var med og arrangerte det..! Og så skal me arrangørane (og bandet) ut og eta gratis pizza etterpå, då, det vert jo kjekt! Håpar me syng bordverset i dag også, gøy, gøy, gøy!

I morgon reiser me på "samanristingstur" til Merket i Valdres ein stad, så vert ikkje skriving på nokre dagar då, kanskje like greit..(er ikkje så sikker på om det var lurt å be meg starta blogg, Ingebjørg, vert mykje lesestoff for deg dette ;D)

Ciao

lørdag, september 23, 2006

Stress

Elevkveld i kveld!!!

Masse å førebu..
United States, Canada, Mexico, Panama, Haiti, Jamaica, Peru, osb, no kan eg heile utanatt! Monologen til Sigurd er dødskul!
Hm, vert nesten litt nervøs no eg. Får kanskje ta i bruk litt av informasjonen frå sceneskrekkseminaret me hadde i dag..var gøy!

Elles så var me ute på Peppe's i går kveld, ein tredve stk, var bestilt til 15+... Me song det firstemte bordverset og takkeverset vårt, endå meir gøy!!! Så gjekk me ut og dansa etterpå, heima halv 2, men så fekk me sova til ti i dag då :)

Må gå, masse arbeid..

snx!

fredag, september 22, 2006

?Blogg?

Vel, Ingebjørg, du fekk viljen din..;)

Eg har blitt ein bloggar, så får me no sjå kva det blir til vidare. Eg kan eigentleg svært lite om det her. Kven er det som les dette i det heile teke?


Nei, det får berre verta ein liten prøve dette her, no skal eg på huskonsert (eg går då altså på Viken fhs i Gjøvik). Det vert dødsbra!

Namarie!