fredag, oktober 31, 2008

Hvilket liv

Hm, eg bestemte meg plutseleg at eg ville skriva her i dag, så ombestemte eg meg, men eg trur eg vil skribla ned litt like vel.


Det er over eit år sidan sist. Kva skjedde? Det vil absolutt ikkje vera borti veggane å skulda på livet som student. Økonomi er eit hardt studie som krev mykje arbeid; meir enn eg ofte legg i det må eg innrømma. I alle fall enn eg legg i det i byrjinga av eit semester. Det plar koma seg.


Men det er nok ikkje forklaring god nok. Facebook. Der har me det. To månadar etter eg fekk facebook, var det slutt på bloggskrivinga. Og facebook er fint det. Men ikkje heilt det same som blogg. Eg må seia at eg likar veldig godt å lesa bloggane til folk eg kjenner. Berre heilt enkle ting som vert skrivne om det levde liv tykkjer eg er kjempespanande.


Kanskje er det andre som meg der ute. Så kanskje eg skal byrja å skriva att. Det er litt befriande i grunn, det å skriva. Men det vert litt mykje av og til. Og så har eg kome i gang med trening no. Også veldig befriande. Og smertefullt. Det er ein sånn elsk-hat-ting for meg, trur eg.


Bloggskriving er også veldig fint å driva med for å utsetja å skriva markedsføringsoppgåva.. Kan ikkje verta utsett mykje lenger den no, altså.. Har jo metodeoppgåva også; Er dagens studentar på UiA for eller mot EU?


Kjem på så veldig mange ting å skriva om, er jo eit heilt år sidan sist. Men det går jo ikkje. Å skriva alt. Fekk lyst å skriva ei bok, eigentleg, men det skjer jo ofta. Kvar får forfattarane idéane sine frå? Så tenkjer eg at dei kanskje skriv om ting dei har opplevd, så tenkjer eg at eg kan skriva om studentlivet, så tenkjer eg at om studentlivet ikkje er direkte kjedeleg, så hadde det blitt ei ganske einsformig bok..


Kanskje eg finn ei løysing. Seinare. No må eg skriva markedsføringsoppgåva. Eigentleg. Me fekk B+ på den forrige, då. Kjekt, men eg skreiv jo berre ein fjerdedel. Hatar pensumboka som er på engelsk!


Eg har plutseleg vorten usikker på kommareglar. Kvifor? Hjelp.


Lenge sidan eg har skrive på nynorsk no. Dei andre på gruppa skriv bokmål, og det må jo eg berre føya meg etter.


Sånn no skal eg prøva å posta det her. Spørs om eg hugsar korleis, lenge sidan sist :p Mm, men kanskje det vert eit innlegg eller to til, før eg er ferdig med markedsføringsskrivinga for i dag.. Me får sjå.


Det snødde i forgårs!


So long

Sånn såg eg ut i veke 41, viss biletet av meg for nokon skulle vera litt utviska ..