mandag, november 27, 2006

Blå veker

Turnèen er over, og livet held fram. Men ikkje heilt som normalt. Det er som vanleg stadige nye ting som skjer. Helga etter turnèen var eg heima og gjorde absolutt ingen ting, bortsett frå å gå på russen 007 sin russerevy; "From Russen with love". Den var bra, hadde eit par gode poeng :)

Fredagskveld hadde me jentekveld på tekjøkkenet til Vikheim 1, der me åt popcorn og såg "How to lose a guy in 10 days".


Elles har me også byrja å sjå ein episode av "Band of Brothers" kvar kveld. Bortsett frå laurdag, då det var frivillig spelekveld. Eg var med på bordtennisturnering, og rauk sjølvsagt ut etter første kampen :p

Desse vekene har me dessutan "blå veker" som går til dømes ut på at eg har 15 vokaltimar i veka i staden for 4... Me har føreståande framsyningar og miniturnèar i vente og øver no spesielt fram mot desse. Det vert også ein del dans og cabaret-øving.

Laurdag var me forresten på landskamp i fjellhallen, handball damer, Noreg-Tyskland og Frankrike-Russland. Det var kjekt, veldig bra stemning på første kampen.

Viken fekk gratis inngang mot at me hadde med trommer og laga liv, og kosta heile tribunen etter kampane. Livet var greit nok, (gutane tok til tider heilt av med trommene) men det tok ein og ein halv time å kosta!

Jaja, Noreg vann, grundig, og det var kjekt å sjå kor flinke dei er. Men dei ser jo så unge ut, håndballaget har jo pleid å vera godt vaksne damer...? ;)


No er det berre fire dagar til første desember! Eg og Anne Kristine har kjøpt inn jolestjerna, adventsstake og lilla ljos :) Trur eg skal ta meg ein liten tur opp på Euroopris og sjå kva dei har der oppe også. I går var det visstnok tenning av jolegata i byen. På vokal syng me masse jolesongar, alle jentene i "damekor". Det er nydeleg! På laurdag skal me dessutan ha den førjulskonserten i Gjøvik kyrkje, der alle på vokal skal synga ein song kvar. Eg skal synga "Kaldt og mørkt", og eg held allereie på å pissa på meg av nervøsitet!

I går var eg på heklekurs, med Unni. Eg har berre hekla ein liten lapp endå, og lært ulike heklemåtar, men skal læra meir på torsdag. Det er i grunnen litt kjekt (når ein får det til) :)

Også hadde me (visst) kveldstankar i går. Me gjekk ein liten tur langs Mjøsa, og me hadde satt opp fakkelboksar, las bibelvers og sat rundt bålet og song. Veldig koseleg!

No må eg stikka til vokaltime. Har fira vokaltimar i dag, og det er alt :)

tirsdag, november 21, 2006

Turnè!

Etter tre månadar på folkehøgskule med masse øving, var me, mandag 13. november, endeleg klare for ein liten turnè! Reisa gjekk ikkje så langt denne gongen, og etter 2-3 timar i den toetasjers bussen var me framme i Ski der me skulle ha den første framsyninga vår.


Rett etter ankomst måtte me skunda oss og rigga opp og skifta og venna oss til lokalet. Vart litt stress, men me klarte å verta ferdig i tide. Det var ein vidaregånde skule med musikk, så me fekk bra med publikum. Dette var den einaste skulen musikal og mudra fekk visa seg fram på, og det gjekk veldig greitt :)

Så var det rask nedrigging før me hoppa i bussen igjen for å køyra til leirplassen me skulle overnatta på, "Solbukta", i Fredrikstad. Det var eit veldig fint område, men me var jo ikkje der så mykje utanom måltid og soving. Me budde på firamannsrom med fire senger på ein vegg. Det var eigentleg ei kreativ plassering. Første kvelden reiste heile skulen på besøk til Mats, som budde rett i nærleiken. Det var litt av eit hus dei hadde! Det var faktisk plass til dei 70 personane som kom på besøk! Og eige rom med storskjerm. Og lampar som slo av seg av og på berre du tok på dei! Hehe... For ikkje snakka om maten; bollar og kaker som var hinsides gode! Men her var det visst fleire foreldre som hadde vore med og baka. Og me sang og koste oss før me reiste tilbake.


Andre dagen hadde me to kantinekonsertar på Fredrik 2. vidaregåande skule. Dette var gamleskulen til Sigurd, og ein av Noregs største vidaregåande skular. Det gjekk relativt bra på den første konserten, ingen gjorde store feil, utanom publikum som satt og skravla konstant, og ekstra mykje medan dei stakkars konferansierane, Frøydis og Victoria, snakka. Vokalgruppa mi framførte her "Hit the road, Jack" og "Ryktet forteller". Det gjekk fint (sjølv om det var ein smule forstyrrande med all skravlinga..)

I den andre kantina hadde dei det likevel verre. Det var færre folk og dei var særs uengasjerte, endå det var dei dødskule banda våre som opptrådde her. Me hadde diverre også eit lite lydproblem, men det vart fiksa etter kvart. Så denne dagen var litt skuffande publikumsmessig, men me hadde vel ikkje anna å venta, når me trengte oss inn i kantinene slik, og forstyrra matroa deira. (Vis respekt for folk som opptrer, folkens!)

Dagens middag vart pizza på Pizzanini. Etter konsertane hadde me fira timar fri i byen, til å gå rundt, shoppa, eta middag, og "nyta dei magiske augneblink". Det var litt lenge, men det gjekk greit. Om kvelden skulle me på Aksjon Håp-konsert med Inger Lise Rypdal og Torstein eit eller anna i frikyrkja i Sarpsborg. Det var ein flott konsert, og etterpå fekk me snakka med viss me ville.. Så fòr turen tilbake til "Solbukta".

Onsdagen byrja med konsert på St. Olav vidaregåande i Sarpsborg. Først hadde me ein liten promokonsert med MUFO2, medan eg og Ellen Marie stod ute i gangen og gjorde PR. Det var forresten overraskande få som var interesserte i musikk der, eller som hadde tenkt å gå på folkehøgskule etter vidaregåande.

Den ordentlege konserten byrja halv to. Alle elevane hadde fått fri siste time slik at dei kunne koma på konserten vår. Nokon hadde talt, og på det meste hadde det vore 15 stk i konsertsalen.. Konserten gjekk i alle fall rimelig bra. Det einaste var vokalgruppa mi, som bomma totalt på den eine songen vår, måtte stoppa fleire gongar, og først på siste verset fekk det noko lunde til. Flaut, men me overlevde. Og fullførte i det minste. Det hadde vore dobbelt så flaut å gå av scenen før me hadde fått det til, slik Silje (som var den einaste som høyrde det) sa at læraren vår hadde ropt. Eg vart ein smule irritert når eg høyrde det!

Om kvelden hadde me kafèkonsert på Tomb vidaregåande jordbruksskule. Dette vart ein stor opptur! Om det ikkje kom så alt for mange folk, så var det nok, og dei var engasjerte! Dei klappa og hoia, og då me fekk nok eit lydproblem stemte dei i med "Ja, vi elsker"; Første verset første gongen, og andre verset andre gongen :) Ja, det var rett og slett ei fornøying å opptre for dei! Og me trengte verkeleg den oppturen! Etter siste nummer utfordra dei oss også til "Ja, vi har våra klara barnestemmar kvar.." Dei var jo dømd til å tapa ;p

Også siste dagen skulle me ha to konsertar. Først ein todelt på Askim vgs, gamleskulen til Vibeke, Rikard og Per Thomas. Dei hadde den merkelegaste kantina eg har sett, men den var stilig. Og folkene der var bra publikum. Den andre delen skulle me ha i det merkelagste auditoriet eg nokon gong har sett. Det var stupbratt oppover i seteradene, bittelitt golv nederst, og masse golv bakerst oppe. Først var me i tvil om det var plass til banda der nede, og vurderte til og med å ta det på plassen oppe, men det vart som det var meint frå byrjinga.

Det gjekk rimeleg bra. Kammerkoret måtte stå i trappene og synga, og bandfolka måtte sjå langt oppover, men ein bra konsert vart det. Og 140 elevar såg på, så det var jo fint :) Det er merkeleg kor stor skilnad det kan vera frå skule til skule! Men eg trur nok denne konserten var litt meir obligatorisk, då..

Etterpå var det nedrigging som vanleg, der alle skal hjelpa til. Det er det sjølvsagt ikkje alle som gjer, men det var like greit. Me som hadde gjort det dei siste gongane hadde fått skikkeleg sving på det no, og gjorde det berre på rundt eit kvarter! Det er fort det! Så me hadde god tid til å eta middag i bedehuset ein stad i Spydeberg. Familien Lund (Rikard sin familie) pluss nokre andre, hadde laga den herlegaste lasagne til oss, og til desert fekk me is og kaka!

Den siste konserten skulle vera i Askim kirke. Det kom masse folk, endå den mannen som introduserte oss sa at me konurrerte med både dugnadsarbeid og konsert med Christian Ingebrigtsen ein annan stad i nærleiken. Dei to ungdomskora Spiren og Svaret var mellom anna der. Det eine koret framførte sjølv nokre songar, medan det andre var med gospelkoret til Viken og song Brighter Day. Dei fekk seg nok litt av ein opplevelse. Det trøkket, med mikrofonar i koret og den gitarsoloen! Hehe... Absolutt ein vellukka sistekonsert.

Så var alt over. Me rigga ned og tok bussen tilbake til Gjøvik. Her var det forresten snjo! :D I eitt-tida kunne eg legga meg lukkeleg ned i senga, slappa av og sova søtt etter ei hektisk, men fantastisk spanande og kjekk veka!

søndag, november 12, 2006

Førebuingar

Vil byrja dagens innlegg med litt nydeleg filmmusikk: http://media.putfile.com/quiz123
Har ikkje peiling på kva film den er ifrå, men fin er den! :)

Og så fann eg ut korleis ein kan legga til linkar på bloggen, juhu!

Men no må eg ærlig og redelig innrømma at det er kjempelenge sidan sist! Og oppsummeringa vert vel heller kort denne gongen, viss eg klarer, då det berre er ein halvtime til kaffi...

Hm, ja, frihelga, var avslappande. Sat på dataen, var på kino, var på kinarestaurant, og såg ein del på innkjøpt tv-serie: "Band of Brothers". Kjempespennande! Fjorårselevane som var på gjenforening plaga oss ikkje alt for mykje, og huskonserten dei hadde var ganske liten, men morosam. Altså ikkje så skummelt som eg hadde frykta.

Denne veka har me førebudd turnè og hatt ørten gjennomkøyringar av alle konsertane. Når du då er med i alle konserten vert det ein del venting. Eg er ganske sår i rompemusklane etter å ha site på dei stolane i gymsalen. Og ikkje berre det. Tirsdag kjende eg først at eg vart kald på beina. Deretter kjende eg berre at eg vart forkjølt medan eg sat der. Og det vart eg, så dei siste dagane har eg gått og snufsa, snytt meg, sove, hosta, og stilt opp til gjennomkøyringar til tross for ikkje heilt ideell stemme. Me syng tross alt a cappella, og det er relativt viktig at det er reine tonar som kjem ut... Håpar eg kjem meg til tirsdag, då første vokalgruppeopptreden skal finna stad.

Fredag var me ein gjeng som gjekk på bedehuset på Gjøvik, der ein gjeng studenatr plar samla seg. Det var Vetle(..) som hadde fått snusen i eit slikt føretak. Gjengen vår fordobla talet på menneske i bygningen, men det var kjempekoseleg, og me fekk chips og is og brus. Det var også ein par-tre stk som snakka litt og las bibelvers, og elles gjekk praten livlig om alt mogeleg. Det var ein der som verkeleg prøvde å overtala meg til å satsa på media viss eg ville det. Han hadde det fantastisk fint i sitt yrke..

Filmar eg har sett siste veka er "Honey", "Love actually", "Nanny Mcphee", og slutten av "Team America", hehe, skulle kanskje sett heile..

I dag har eg ete frukost, spelt bordtennis med Karen, vaska klede, lest, snakka i telefonen med pappa (farsdag i dag!), og ete middag. Eg har også planar om å pakka, men akkurat no er lagerrommet der kofferten min står låst... Elles så vert det vel tidleg kveld i dag, då frukosten er klokka seks i morgon tidleg. Åh, eg gler meg til turnèen, det vert spanande, men også litt skummelt! Referat frå den kjem vel seinare. Neste helg er det langfrihelg, og då skal eg heim! Eg henta togbillettane i går, men så viste eg feil refereansenummer og fekk billettane for desember i staden. Me får tru det går bra å henta dei riktige billettane seinare.

Eg trur eg skal vera ekstra gavmild i dag og linka til endå litt meir filmmusikk: http://media.putfile.com/glogg

Så må eg vel springa, først er det kaffi, og så kveldstankar.

Ønsk oss lukke til på turnèen!

søndag, november 05, 2006

Nei, sjaa snøen


"Nei, sjaa snøen" av Johan Einar Unger

Nei, sjaa snøen!
Han ligg kvit og fin paa heile bøen.
Nuten fekk so blank ein silkehatt,
vèvd i skyi, fint paa kruna satt,
med du sov i natt,
med du sov.

Nei, sjaa snøen du,
kor han ligg paa kvar ein stein og stu!
Løynleg kom han som paa kattafot,
skýlte med sitt dun kvar rubb og rot,
med du sov i natt,
med du sov.

Nei, kor ljos han er,
endaa morgon-dìm han til meg ser!
No i gaar var jordi myrk og strid,
men i dag – kor ho vart ljos og blid,
med du sov i natt,
med du sov.

Enn sjaa skogen daa!
Klædd han er og prydeleg aa sjaa.
Tru tusund mil til «Austerland» dei fór
henta diadém og sylverflor,
med du sov i natt,
med du sov?

Bjørki – blyg ho stend,
med eit fagert slør som brur i grend;
kven hev sauma med ei hand so lett
millionar stjernor tett i tett,
med du sov i natt,
med du sov?

Lufti er so god og rein!
Kraft og helsebot for livsens mein!
Soli renn, drys gull paa skog og vang,
gjorde langreis hit med ljos i fang,
med du sov i natt,
med du sov.

Tru og ver i Krist,
i det sanne vintre som den grøne kvist!
Stilt skal Herren ein gong alt umsnu,
myrker um til ljos og englebu,
med du søv ei natt,
med du søv.


torsdag, november 02, 2006

Brrr!

Ja, så har det gått ei heil veka igjen.. Skal me sjå, jau, snjoen på torsdagen forsvann ganske fort, faktisk same kveld.., men det har vore bra kaldt for det!

Fredag hadde jazz/pop/rock-lina konsert, og på kvelden såg me "Den grønne mil" i auditoriet.

Laurdag hadde me seminar om låtskriving med Ole Reinlund, og han hadde også konsert for oss seinare på kvelden. Etter det sat me og prata før me reiste ned til miljøarbeidarane, drakk, kakao, prata og såg full pakke 2. Eg la meg vel halv 2 (snudd tid...).

Sundag gjekk eg, Anna Nicoline, Sylvia og Kristine ein god tur, og då me kom tilbake hoppa eg og Kristine i Mjøsa! Det var kaldt, men ikkje så kaldt som eg trudde det skulle vera :)

Seinare spelte me fotball i snøver. Det vert så fort mørkt no for tida, ja, me har jo snudd klokka også. I alle fall; det var ein særs aktiv dag! Det var dessutan Mjøsheim sin tur til å få besøk av Nattakoret :).

Mandags morgon møter me ein smilande, sukkande Hanna H. som var så lukkeleg over å ha fått besøk av Nattakoret kvelden før. "E berre satt å smilte heile tiå!" Gjett kven som kjente seg att! *Sukk!* Same dagen kjøpte eg meg ny gensar og singlet i den fine, grønne fargen som kler meg så bra. Og så vaska me rommet vårt. Så øvde eg litt. Og så var det Sing Star nede hjå miljøarbeidarane.

Tirsdagen vakna eg opp til eit fantastisk syn: snø, snø, kvitt over alt, og det lava framleis ned og til langt ut på dagen! Elles gjekk dagen som vanleg, bortsett frå at eg holdt på å byrja å grina i sangtimen og at Heidi danselærar sat fast pga all snøen og kom ein time for seint. Stine hadde tøying og styrketrening med oss i staden. På Mudra går det bra, må berre få lært all tekst og melodi og sånn. Dessutan har eg høyrt skumle rykter om at me på Mudra skal få meir sentrale rollar snart...:O Og swingkurset er framleis like kjekt. Og nok ein fin tirsdag vart avslutta med Grey's Anatomy nede i E-boligen.

Onsdag fekk me vita at vokalgruppa måtte spela inn dei songane me ville ha med på turneen same dagen for å få dei med. Så det gjorde me, ikkje i studio, for det var opptatt, men på rommet til Ole som heldigvis hadde opptaksutstyr! Så øvde eg på jolesongen til interpretasjonstimen dagen etter, og halv ti var det "Min elleville ferie" nede hjå miljøarbeidarane.

Torsdag, er i dag, og det er strålande fint ver ute, men iskaldt. Den fine, nyinnkjøpte (billige) gradestokken min viste fem minus i dag tidleg! Interpretasjon, der eg song "Kaldt og mørkt og lite sol" gjekk faktisk relativt bra i dag :D Så har me fått vita kva som skjer neste veka med prøvar og gjennomkøyringar til turneen. Gler meg!