tirsdag, januar 23, 2007

Samlivets utfordringar - seminar

"Eit menneske har behov for kroppsleg kontakt tilsvarande fem klemmar om dagen for å oppretthalda psykisk balanse!"

Ut i snøen

I går var altså eg og Anne Kristine på årets første skitur! Smørjing fekk me låna hjå Ellen Marie, og litt over 5 om kvelden satte me av stad langs Mjøsa. Det var herleg og kaldt! Omlag 7 minusgrader ute, og du ser kor frosten beit på dei rosa kjakane våre på bileta. Det var ikkje så langt me gjekk, litt mindre enn ein time, og vegen var relativt flat (...), men godt var det uansett!

På laurdag var me også ute og sprang i snøen. Mjøsheim B hadde elevkveld, og hadde laga til ei skattejakt. Det var oppgåver som rulling i snøen, fylla ei bøtta med vatn frå Mjøsa, spørsmål, laga klesrekkja, gåter, matematikk++ Laget mitt var ganske gode, men me vann diverre ikkje. Siste oppgåva klarte me ikkje, då ingen på laget vårt visste at Unni (lærar) budde rett i nærleiken, og der var skatten... Jaja :) Det var kjekt, og etterpå fekk me bollar, kakao, og snop frå skatten, og spelte masse spel. Nokre nyinnkjøpte same dagen.

Klokka 5 om natta var det endeleg tid for å leggja seg...:D

fredag, januar 19, 2007

ABBA

Har eg forresten sagt kva me driv på med i vokal for tida? :D

Eit 23 siders langt, til tider 7-stemt ABBA-potpuri beståande av:

Take a chance on me
Dancing Queen
Does your mother know
Mamma Mia
SOS
Money money money
The winner takes it all
Thank you for the music

Kjempestilig!!! :D

søndag, januar 14, 2007

Utkledningskveld

Velkommen velkommen til store og små,
velkommen hver mann og hver kvinne!
Vi håper at alle er staset opp nå,
for ulike priser å vinne!

Det var atter laurdag og Vikheim 2 sin tur til å ha elevkveld. Så me bestemte oss for å laga til utkledningskveld! Det gjekk for seg i peisestova, der alle samla seg klokka ni. Showet byrja med at me på Vikheim 2 kom inn på rekke og rad og tok ein runde på catwalken me hadde laga til midt på golvet av dei svarte scenekassene. Så var det leikar og tv-seriemusikkquiz, og til slutt catwalkkonkurranse før det vart vist film i auditoriet (Flushed away). Kvart innslag var det eg som annonserte, på rim! Trur det var ein vellukka kveld!
Med alle helt skjult bak masker og klær
den søte mystikk du vil finne...
Om snøen er vakker og hvit ute der,
vi skal nok oss kose her inne!

Tusen, tusen takk for en herlig kveld

vi bukker dypt ned i vår lomme

Nå vises en film i vårt auditori;

vi håper at alle vil komme!

Ha så videre en natt til velbehag

vi prates i morgen til en ny herlig dag!

Utkledningskveld

Hanna H, Kristine og Marianne var sjørøvarar, og kledde det! ;D

Kine og Mari opptredde som tvillingar for kvelden. Kine vann også på catwalken :)

Henning og Per Thomas som narkouteliggarar (e.l.)! Vannvittig bra! Per Thomas fekk også pris for mest ugjenkjenneleg..

Kristine, Ellen Marie, Ingunn og Victoria :)

Anna Nicoline, Sylvia og Sintija, fekk pris for mest tettsitjande kostyme..

Hanna H., Øyvind og Rikard i aksjon på teatersportleiken til Tina..:D

Petter og Ellen Marie... Ellen Marie vann for beste kostyme, Petter for beste hår (det er hans eige..)

Anne Kristine hadde også kravla ned i kostymelageret og funne seg skikkeleg "bad taste"-klede..

Ole (Andreas), Kine, Mari og Andreas (Ole) :p

søndag, januar 07, 2007

Nyttårsball

Så var me tilbake på skulen etter velfortent ferie med jol og gullbryllaup. No er det nytt år, ny timeplan, og i går var det nyttårsball! Det heile byrja med konsert i Gjøvikhallen. Oratoriekoret var der og song delar av Händels Messias. Les meir på: http://www.viken.fhs.no/index.php?kat_id=77&art_id=1240. Dei som ville frå årets Viken-kull, fekk vera med på Halleluja-koret. Eg var med, og det var heilt fantasisk! "Damekoret" og Kammerkoret fekk også opptre med ein song kvar, før dei 17 messias-satsane.. Eg skal så absolutt byrja i Oratoriekoret til neste år!

Klokka sju skulle alle møta i hall-en. Eg tykte folk hadde kledd seg fint til joleavslutninga, men dette var jo heilt ubeskriveleg! Alle saman i sin finaste stas. Så fekk jentene kavalerar. Nokre måtte dela; eg og Anne Kristine skulle eigentleg ha Henning i lag, men så kom Benjamin på besøk (Han hadde ikkje dress med seg, så han måtte nok diverre bruka uniformen i staden..;))
Så fekk eg Henning for meg sjølv :D Han var den perfekte kavaler; drog ut stolen for meg, skjenka i brus, dansa første dansen ++ Middagen var forresten kalkun!





Gymsalen var laga flott til med sittegrupper og dansegolv, der det etter kvart gjekk vilt for seg... Det var også litt leik og underhaldning, og utdeling av "Årets ..."-prisar. "Årets vims": Frank, "Årets lillebror": Vetle, "Årets finne": Øyvind, "Årets omtenksomme": Ingunn, "Årets helløu": Camilla, "Årets sitat": Prates i morra, av Paul ++ Men me dansa frå 11 til halv 3 om natta! Nei, det var ein fin kveld!